Tuve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Tue.
Tuve av tunrapp (Poa annua) på eit fortau.

Tuve eller tue (av norrønt þúfa) er ein rund liten topp på marka[1] som kan vera danna av jord, plantar eller plantedelar.

Danning av tuver[endre | endre wikiteksten]

Visse urteaktige plantar har ei vekstform som dannar tuver. Dette gjeld til dømes ymse typar gras, halvgras og kveke. Nokre naturlandskap er prega av tuvedannande gras, som myr- og våtmarksområde over heile verda,[2] kjølige, våte graslandskap på den sørlege halvkula[3] og tundralandskap i nord.[4] Alpin vegetasjon dannar ofte tuver, ei vernande form som kan verna dei mot kulde[5][6] og vind.[7] I myrer er tuver forhøga, tørrare delar av landskapet prega av særskilde plantar, som lyng.[8] Bærtuver blir danna ved at vekstar som blåbærlyng, tyttebærlyng o.l. veks til ei tuve. I kulturlandskap finn ein ofte grastuver på gamal eng eller i kulturbeite.

Tuver kan også vera laga av plantedelar, til dømes kan uttrykket brukast om ei såte av høy.[9] Ein del insekt lagar tuver, som maur og termittar. Maur kan til dømes laga tuver av barnåler i skog og utmark, medan nokre typar maur (jordmaur) byggjer låge tuver av laus jord på grasmark.[10]

Tuver i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Eit norsk ordtøke seier at «lita tuve kan velte stort lass», det vil seia at ei lita hindring kan ha ein stor verknad.[9][11]

Ein finn også tuver i faste uttrykk som «å sitja trygt på tuva si» om nokon som sjølv er i ein trygg situasjon medan andre har problem,[9][11] eller «å sitja på kvar si tuve» om folk eller grupper som avsondrar seg frå kvarandre og ikkje samarbeider.[12][13]

Tuver kan også visa til gravstader. Ei særskild form av urnegrav der den gravlagde urna er dekka av ein låg haug blir kalla «tuvegrav», og er særleg utbreid i Jylland.[14] Omgrepet er blitt brukt litterært om å vera død og gravlagd, som i Olaf Liljekrans av Henrik Ibsen:

Ak! At jeg laa under grønnen Tue,
Stedet til evig Hvile![15]

Det kan også brukast om noko som er forsvunne, som av norsk-amerikanaren Simon Johnson om barndomsheimen, som han skildra som «en knapt merkbar tue i en hveteåker».[16]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «tuve» i Nynorskordboka.
  2. Lawrence, Beth A.; Zedler, Joy B. (2011). «Formation of tussocks by sedges: effects of hydroperiod and nutrients». Ecological Applications (på engelsk) 21 (5): 1745–1759. ISSN 1939-5582. doi:10.1890/10-1759.1. Arkivert frå originalen 9. juni 2021. Henta 9. juni 2021. 
  3. «grassland | Definition, Animals, Plants, Types, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. juni 2021 
  4. Sullivan, Patrick F.; Sveinbjörnsson, Bjartmar (2010). «Microtopographic Control of Treeline Advance in Noatak National Preserve, Northwest Alaska». Ecosystems 13 (2): 275–285. ISSN 1432-9840. 
  5. «høyfjellsplanter». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. august 2019. 
  6. «Planteøkofysiologi - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no (på norsk), henta 13. juni 2021 
  7. Halvor Aarnes (23. august 2006). «Økologi» (PDF). s. 110. 
  8. «Maridalens Venner : Natur- og kulturmarksbegreper», www.maridalensvenner.no, henta 13. juni 2021 
  9. 9,0 9,1 9,2 «tuve» i Norsk Ordbok
  10. «Svart jordmaur», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 9. juni 2021 
  11. 11,0 11,1 «tue» i Det Norske Akademis ordbok
  12. «- Satsing på utlandet må vera samstemt! • ballade.no», ballade.no (på norsk bokmål), 24. januar 2006, henta 9. juni 2021 
  13. Svendsen, Karin E. (21. mars 2004), «Kjøkken: Matnyttig matprat», fagbladet.no (på norsk bokmål), henta 9. juni 2021 
  14. «urnegrav». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 7. september 2020. 
  15. «Henrik Ibsens skrifter: Olaf Liljekrans - første hovedversjon, TarkUiB NT344r (rollehefte, Olaf)», www.edd.uio.no, henta 13. juni 2021 
  16. Gulliksen, Øyvind T. (25. februar 2020). «Simon Johnson». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tuve