Tuvia Bielski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuvia Bielski

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Polen
Fødd 8. mai 1906
Stankiewicze
Død

12. juni 1987 (81 år)
Brooklyn

Yrke partisan
Språk polsk

Tuvia Bielski (8. mai 190612. juni 1987) var leiaren for ei gruppe jødiske partisanar og ein jødisk familieleir i skogane i Belarus under den nazi-tyske okkupasjonen. Han rømde saman med tre brør ut i skogen da jødane i nabolaget vart drepne, mellom dei far og mor hans, og to brør. Bielski-partisanane er blant anna namngjetne for at dei hadde den konsekvente linja at dei tok imot alle som kom til dei, anten dei kunne stride eller ikkje. Tuvia Bielski overlevde krigen, utvandra til Palestina i 1945, og drog sidan til USA, der han døydde, 81 år gammal, i 1987.

Historia til Bielski og leiren i skogane i Belarus vart portrettert i filmen Defiance, som kom ut i 2008. Bielski vart spelt av Daniel Craig.