Tuzlylagunane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 45°47′N 30°00′E
Tuzlylagunane
lagune
Alibey Lagoon.jpg
Kysten av Tuzlylagunane i Alibey
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Stad Svartehavet
 - koordinatar 45°47′N 30°00′E
Lengd 29 km
Areal 206 km²
Saltinnhald 18-40 ‰
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tuzly Lagoons National Nature Park

Tuzlylagunane (ukrainsk Тузловські лимани, rumensk Limanele Tuzlei) er ei gruppe lagunar (limanar) sør i Bessarabia (Budjak) i Ukraina. Lagunane er ein del av Tuzlylagunen nasjonalpark. Namnet på lagunane kjem frå tyrkisk Tuzlu, som tyder salthaldig.

Gruppa består av dei tre lagunane Sjagany, Alibey og Burnas, samt dei tre mindre lagunane Solone, Khadzjider, Karatsjaus, Budury, Kurudiol, Martaza, Mahala, Vesle Sasyk, Dzjantsjey. Lagunane dekkjer i alt 206 km², maksdjupna er 1,6-2,5 m og snittdjupna 1,0-1,3 m. Lagunane er skilde frå Svartehavet av ein 29 km lang sandbanke, som er 60-400 meter brei og 1-3 meter høg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]