Tvasjtr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tvasjtr var ein vedisk handverksgud. Namnet hans tyder bokstaveleg «stridsvognmakar», men han laga òg andre viktige reiskapar, som torekila til Indra. Guden har hatt ein viktig skapande funksjon, særleg når det gjeld å gje avkom.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Truleg er Tvajstr ein gammal grødegud som alt i vedisk tid var i ferd med å mista stillinga si. Namnet og evna hans til å få liv til å bli fødd og veksa blir nemleg stadig nemnd i Rigvedaen, men ingen hymne i samlinga er særskild tileigna han. Slik kan han sidestillast med guddommar som Dyaus og Trita.

Han var òg den som laga den viktige drikken soma, og beger til å drikka han frå. Då Indra drap sonen hans, gøymde han drikken frå gudane. Men Indra fann han, nedkjempa Tvasjtr, og tok drikken. Seinare soger fortel at Tvasjtr skapte demonen eller dragen Vritra som hemn, men at Indra nedkjempa denne òg.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Sonen til Tvasjtr var Visjvarupa eller Trisjiras, ein mektig prest med tre hovud, som blei drepen av Indra. Han hadde òg ei dotter, Saranja, som fødde asjvinane, Jama og Jami.

Mytologisk slektskap[endre | endre wikiteksten]

Tvasjtr blir ikkje tilbeden i moderne hinduisme, men han kan liknast med den populære reiskaps- og handverksguden Visjvakarma, som har teke over mange av oppgåvene hans.

I andre religionar finn ein gudar som kan likna på Tvasjtr i Hefaistos og Vulcanus frå gresk og romersk gudelære.