Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti var eit politisk parti som stilte til val i Noreg i 7 fylke ved stortingsvalet 2001. Partiet oppstod ved at Tverrpolitisk Folkevalde endra namn i 1998. Tverrpolitisk Folkevalde var plattforma som Steinar Bastesen hadde blitt valt inn på Stortinget på i 1997. Intern usemje førte til at ei gruppering endra partinamnet til Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti, medan Bastesen og hans støttespelarar i Nordland braut ut og stifta Kystpartiet.[1]

Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet fekk 1 052 røyster, noko som utgjorde 0,04 % av røystene på landsbasis. Størst oppslutning hadde dei i Oppland. Resultata i dei enkelte fylka var:

Partiet vart ikkje representert på Stortinget. Etter valet i 2001 skifta det igjen namn attende til Tverrpolitisk Folkevalde, men stilte ikkje til val igjen i 2005.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.