Tveteråsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Nygards veg 108-114 på Tveteråsen.

Tveteråsen er eit bustadsområde ved Ulsrud i Bydel Østensjø i Oslo. Det grensar til Østmarka, og ligg i få minutts gangavstand til Ulsrud- og Nøklevann.

Bustadsområdet er bygt ut med rekkjehus og tre fire-etasjes blokker. Området er karakteristisk ved at rekkjehusa og blokkene er kledde i kvit mexistein. Bustadsområdet ligg like ved Haraløkka. Næraste T-banestasjon er Ulsrud. Rekkjehusa er teikna av arkitekt Bengt Espen Knutsen. Han fekk Sundts premie i 1969.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]