Tvibeitslått

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tvibeitslått eller veksarslått er nemningar på slåttar med særskild slåtteoppbygging, og tydeleg avgrensa vek. Desse slåttane er mykje nytta som lærestykke for unge spelemenn, og er ofte nytta som danseslåttar.

Namnet «tvibeit» skriv seg frå hestehald. «Der to hestar dreg, der er det eit beite». Namnet er knytt til at slåtteveka ofte vert spela omatt på «Grovt og grannt» (oktavspel), noko som gjev slåtten ein fast form som er lett å hugse. Dei fleste slåttane av dette slaget har og eit mellomspel, som knyt det grove og det granne veket i hop. Andre slåttar har berre eitt vek, spela oppatt på grovstrengene og grannstrengene. Ein del av dei store vandreslåttane har opphav i denne slåttetypen, særleg springarane. Dette tyder at slåttetypen nok er svært gamal, og rådde grunnen i den tidlege delen av slåttesoga (1700-talet). Mest alle tvibeitlåttar er spela på oppstilt bass (A-D-A-E).

Torleiv Bolstad sa dette om tvibeitslåttane: «Ein slått med nokolunde fastbygde reprisedelar som samstundes ligg til rette for samspel i oktavar.»

Tvibeitslåttar[endre | endre wikiteksten]

Av tvibeitslåttar som er nytta i dag, finst dei fleste i Hallingdal, Valdres og Numedal.

  • Bekar-Anne (den mest einfelte forma av Jondølen).