Tvikamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tvikamp eller match er ei tevling mellom to personar eller to lag.

Ein tvikamp kan seiast å stå i motsetnad til turnering der det vil vere fleire deltakarar, men ei turnering kan også bestå av ein serie med tvikampar.

Ein tvikamp kan utgjere heile tevlinga, og bestå ein enkelt kamp eller fleire kampar, eller den kan som ovanfor nemnt vere ei runde i f eks ei utslagsturnering (cup), der det ventar ny motstandar til nye tvekampar fram til ein avsluttande finalekamp.

Tvekamp i sjakk[endre | endre wikiteksten]

I sjakk vil ein tvikamp normalt bestå av minst to parti, slik at kvar av spelarane får eit parti med kvit og eit med svart. Det vil vere bestemt på førehand kor lang tvikampen skal vere. Tvikampane om verdsmeisterskapen i sjakk frå 1951 til 1972 var alle stipulert til 24 parti, men vart naturlegvis avslutta viss vinnaren var klar før det hadde gått 24 parti. Dette gjaldt til dømes i VM 1972 i Reykjavik, der Bobby Fischer vann det 21. partiet mot Boris Spasskij og dermed tvikampen 12,5-8,5. VM 2008 mellom Viswanathan Anand og Vladimir Kramnik skulle gå over 12 parti, men vart avslutta etter 11 parti fordi Anand då hadde vunne tvikampen med 6,5-4,5.

I Verdssjakkforbundet FIDE sine VM-turneringar frå 1998 til 2004 deltok det 128 spelarar som spelte utslagsturnering, cup. Turneringa bestod av ein serie med tvikampar, der halvparten av spelarane vart slått ut kvar runde. Spelarane spelte først to parti med vanleg tenketid, og deretter to og to parti med redusert tenketid, hurtigsjakk og lynsjakk, og til slutt gjerne eit enkelt avgjerande armageddon-parti, til ein av dei stod att som vinnar.

Det blir spela tvikampar i sjakk av mange grunnar, til dømes som treningskamp mellom to spelarar, som stikkamp for å avgjere eit turneringsresultat, og som kampar mellom profilerte spelarar om prestisje og pengepremiar. I åra 1965 til 1997 vart utfordraren til verdsmeisterskapen i sjakk kåra i ei kandidatturnering med minst 8 deltakarar, som bestod av tvikampar på minst 6 parti. Også i 2007 vart det arrangert kandidatturnering etter eit slikt system, der 16 deltakarar spelte tvikampar stipulert til 6 parti i to rundar, slik at ein stod att med 4 deltakarar til VM i Mexico i september 2007.

Ein kamp mellom to lag blir også kalla ein match, til dømes i ein sjakkolympiade (lag-VM i sjakk).

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Andre former for tvekamp[endre | endre wikiteksten]

Ein kan vel kalle ein holmgang eller ein duell for ei ekstrem form for tvikamp.