Tvilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tvilling (fleirtyding).
Toegga tvillingar er ikkje likare kvarandre enn vanlege søsken, men blir fødd nokolunde samstundes.

Tvillingar er to søsken som har blitt til av same svangerskap og har vore saman i livmora.

Skjematisk framstilling av eingegga tvillingutvikling. Jo seinare embryoet deler seg, jo meir har tvillingane felles i livmora.
Dei einegga tvillingar Kyle og Lane Carlson (Carlson Twins).

Vi skil mellom einegga og toegga tvillingar. Einegga tvillingar oppstår når eit befrukta egg deler seg i to, og blir til to individ. Eit befrukta egg har berre eit genmateriale, slik at einegga tvillingar vil vere genetisk like. Dei kan ha felles morkake og fostersekk, eller ha kvar sin, alt etter når i svangerskapet delinga i to individ fann stad. Er delinga særs sein, kan tvillingane vere samangrodde i kvar andre i større eller mindre mon, såkalla siamesiske tvillingar. Siamesiske tvillingar er difor alltid likekjønna. Om dei kans kiljast frå kvarnadre ved operasjon, er avhenging av om dei har livsviktige organ saman, eller ikkje.

Toegga tvillingar er resultatet av at to egg blir befrukta. Dei har kvar sin fostersekk og kvar si morkake, og er ikkje meir genetisk like enn vanlege sysken.

Ulike artar har ulik frekvens av fleirfødslar. Somme artar får sterilt avkom dersom tvillingane er ulikt kjønna. Dette gjeld mellom anna ku. For dei fleste artar er dette ikkje eit problem.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.