Tvillingbolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tvillingbolle datert 1738 frå Valle i Aust-Agder, lengd 12,2 cm. Norsk Folkemuseum NF.1927-1279.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt

Tvillingbolle er eit drikkekar som består av to bollar som heng saman i sida. Tvillingbollar blei brukt på bygdene i Noreg på 1600-, 1700- og 1800-talet til å drikka øl av. Dei er utskorne av eitt stykke tre, og det er opning i veggen mellom dei to bollane slik at ølet kan renna fritt mellom dei. Desse tvillingbollane har truleg vore brukt som «skjemtekar».

Tvillingkar av denne typen har vore brukt i Europa frå førhistorisk tid. Det er mogleg at dei opphavleg har hatt ein rituell funksjon ved handlingar utført i samband med forbrødring og giftarmål. Det finst opplysinger om at ungarske tvillingkar frå seinare tid var bestemt for brud og brudgom.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjærder (1975) s. 179.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]