Tviskjeggveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tviskjeggveronika
Tviskjeggveronika
Tviskjeggveronika
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Maskeblomfamilien Plantaginaceae
Stamme: Veroniceae
Slekt: Veronikaslekta Veronica
Art: Tviskjeggveronika V. chamaedrys
Vitskapleg namn
Veronica chamaedrys

Tviskjeggveronika er ein urt som i Noreg er vanleg nord til Hadsel og Tromsøysund. Han vert opp til 20 cm høg, med ei blå blomsterkrone med mørke striper som er 1 cm brei. Kapselen er kortare enn begeret. Planta har tviskjegga stengel med sitjande grovtagga blad.

Tviskjeggveronika er utbreidd i Europa og Asia. Planta blomstrar i mai-juni på turr bakke og i småskog gjennom heile Noreg, men sjeldan i nord. I Jotunheimen er planta funnen opp til 1100 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]