Tvistein fyrstasjon
Utsjånad
| | |||
| Fylke | Vestfold | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Larvik | ||
| Oppretta | 1908 | ||
| Koordinatar | 58°56.1695′N 09°56.5179′E / 58.9361583°N 9.9419650°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 11,3 | ||
| Form | Fyrbygning | ||
| Fyrlys | |||
| Lyskarakter | Blink kvart 5. sek. | ||
| Lyshøgd | 17,0 moh. | ||
| Lysvidde | 9,6 nm | ||
| Status | |||
| Automatisert | 1987 | ||
| Avfolka | 1987 | ||
![]() Tvistein fyrstasjon 58°56′17″N 9°56′11″E / 58.93815°N 9.93646°E | |||
Tvistein fyrstasjon er eit fyr i Larvik kommune i Vestfold. Det står på den austre av to småholmar om lag tre kilometer sør for Hummarbakkfjorden.
Namnet tyder to steinar, som i dette tilfellet siktar til runde, «steinliknande» holmar.
Fyret vart oppført i 1908. Lyset står sytten meter over høgaste vasstand og når 9,6 nautiske mil. Fyret vart elektrifisert i 1951 og samstundes vart nytt tårn og ny fyrvaktarbygning bygd. Fyret var familiedrive fram til slutten av 1950-åra, då det vart ein turnusstasjon. I 1987 vart fyret automatisert og avfolka.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tvistein fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2008.
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket. 2008. s. 759. Arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2011. Henta 8. november 2020.
