Tvungen lønsnemnd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tvungen lønsnemnd er i norsk arbeidsliv eit tvangstiltak som styresmaktene kan setje i verk for å stoppe ein pågåande arbeidskonflikt.

Tvungen lønsnemnd blir sett i verk ved særlover etter forslag frå regjeringa til Stortinget. Samstundes blir partane oppmoda om å avslutte aksjonane (streik eller lockout) straks, sjølv om det kan ta litt tid før Stortinget får handsama lova. Dersom Stortinget ikkje er samla kan regjeringa vedta tvungen lønsnemnd gjennom ei provisorisk anordning.

Ved tvungen lønsnemnd vert Rikslønsnemnda brukt til å avgjere saka. Lønsnemnda er oppnemnt av Regjeringa og begge partane er med. Det vedtaket lønsnemnda kjem med er bindande for begge partar. Saka kan ikkje bringast inn for andre organ etter at den har vore handsama av tvungen lønsnemnd.

Internasjonale konvensjonar som vernar streikeretten set klare grenser for bruk av tvungen lønsnemnd. Slik desse vert tolka, er det berre høve til å gripe inn i ein arbeidskonflikt dersom konflikten set liv, helse og personleg tryggleik i fare for heile eller delar av folket («vitale samfunnsinteresser»).

Lønsnemndlova av 1952 har reglar om lønsnemnd, mellom anna om Rikslønsnemnda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lønsnemndlova av 1952 hos Lovdata