Tycho Brahe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tycho Brahe
Tycho Brahe.JPG
Fødd Tyge Ottesen Brahe
14. desember 1546
Knutstorp Castle
Død 24. oktober 1601
Praha
Nasjonalitet Danmark
Yrke astronom, skribent, sjølvbiograf, lyrikar, astrolog
Alma mater Københavns Universitet
Universitetet i Leipzig
Barn Sidsel Brahe

Tycho Brahe (14. desember 154624. oktober 1601), døypt Tyge Ottesen Brahe, var ein dansk adelsmann og eit av dei store namna i dansk vitskapshistorie. Han grunnla den moderne observerande astronomien.

Mauerquadrant (Tycho Brahe 1598)

Brahe er mest kjend for sine nøyaktige og omfattande astronomisk og planetære observasjonar. Han vart fødd på Knudstrup (Knutstorp) slott utanfor Landskrona i det danske Skåne. Brahe var ein kjend astronom og alkymist og har i nyare tid blitt skildra som «den første kompetente sjela i moderne astronomi med stor lidenskap for nøyaktige empiriske fakta».[1]

I hans De nova stella i 1573 motsa han den aristoteleske trua om ein uforanderleg himmel. Dei nøyaktige målingane hans indikerte at «nye stjerner» (stella nova, no kjend som supernova), særleg den frå 1572, mangla parallaksen som var venta for eit fenomen som ikkje er ei stjerne, og var derfor ikkje «atmosfæriske», halelause kometar, slik ein tidlegare trudde, men måtte vere over atmosfæren og månen. Ved hjelp av ulike målingar synte han at kometar heller ikkje var eit atmosfærisk fenomen, slik ein tidlegare trudde, og måtte passere gjennom tilsynelatande «uforanderlege» astrosfærer.[2]

Som astronom arbeidde Brahe med å kombinere det han såg som geometriske fordelar av det kopernikanske systemet med dei filosofiske fordelane til det ptolemaiske systemet i sin eigen modell av universet, det tychonske systemet. I tillegg var han den siste store astronmen som arbeidde utan teleskop for observasjonane sine.

Tycho Brahe fekk ein eigedom på øya Hven og betalte for bygginga av Uraniborg, eit tidleg forskingsinstitutt, der han bygde store astronomiske instrument og tok mange nøyaktige målingar, og seinare Stjerneborg, undergrunnen, då han oppdaga at instrumenta hans i det første observatoriet ikkje var stødig nok. På øya, der han oppførte seg autokratisk, grunnla han fabrikkar som papirfabrikasjon for å sørgje for at han hadde materiale til å trykkje resultata sine på.

Etter ei usemje med den nye dansk-norske kongen Kristian IV av Danmark-Noreg i 1597, vart han invitert til den bøhmiske kongen og tysk-romerske keisaren Rudolf II til Praha, der han vart den offisielle keisarastronomen. Han bygde det nye observatoriet i Benátky nad Jizerou. Her hadde han frå 1600 til han døydde i 1601 Johannes Kepler som assistent. Kepler nytta sidan observasjonane til Brahe til å utvikle Kepler-lovene for planetrørsle.

Leivningane hans har blitt grave opp to gonger, i 1901 og i 2010, for å undersøke omstenda rundt dødsfallet hans og for å stadfeste kva materiale den kunstige nasa hans var laga av. Konklusjonen var at han truleg døydde av sprengd blære slik det først vart føreslått og at den kunstige nasa truleg var laga av massing og ikkje sølv eller gull slik ein trudde på hans tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edwin Arthur Burtt, The Metaphysical Foundations of Modern Physical Science; a Historical and Critical Essay (1925)
  2. Rocky Colb (1996). Blind Watchers of the Sky, s. 19-42.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tycho Brahe
Wikisource

Originaltekst av Tycho Brahe ved Wikisource.