Tydal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tydal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1665
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Ås
Areal 1330 km²
Folkemengd 865 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) John Paulsby (V)
Målform Bokmål
Nettstad www.tydal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1665.svg
Tydal kommune på Commons

Tydal er ein fjellkommune i Sør-Trøndelag fylke. Høgste toppen i Tydal er Storsylen på 1762 moh. Kjente tydalingar er kombinertløparen Ola Morten Græsli og spelemannen Ole Bjarne Østby (trekkspel).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tydal er ein stor vasskraftkommune, noko som blir gjenspegla i dei stiliserte høgspentmastene i kommunevåpenet. Andre viktige næringsvegar er jordbruk, turisme, reindrift og offentleg forvaltning. I tillegg blir det produsert trapper på Tydal trappefabrikk (tilknytta Trapperingen) og det blir levert teknologiløysingar frå Aurotech.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tydal vart eigen kommune i 1901. Pilegrimsleia Romboleia gjekk frå Sverige via Tydal til Trondheim. Den var kjent som Via montanarum eller fjellvegen. Leia er godt merka og vedlikeheldt. 3000 svenske soldatar (karolinarar) døydde i Tydalsfjella vinteren 1718/1719 under Armfeldts felttog, ein av dei største krigstragediane i Norden. Tydal Skytterlag er det eldste laget som er aktivt i dag; stifta i 1906.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunens tusenårsstad er Brekka bygdetun. Bygdetunet ligg i kulturområdet Brekka Kistafoss og er eit eldre gardsanlegg. Det har ein sentral plass i kulturlivet i bygda og blir ofte bruka til kulturelle arrangement. Eit historisk friluftsteater om karolinaranes felttog i Tydal blir oppført kvart andre år i permanente kulissar her. Otto Homlung dramatiserer og regisserer karolinarspelet. Musikken er skrive av Henning Sommerro.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sylan ligg i naturskjønne omgivnadar og er eit fint mål for dagsturar eller lengre turar. Høgaste topp er Storsylen på 1762 moh. Kjølifjellet (1288 moh.) er grensefjell mellom Tydal og Holtålen kommune. Via merka turløype til Ramsjøhytta kan ein koma seg inn i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.