Tydingsskifte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit tydingsskifte er eit fenomen studert i semantikk kor eit uttrykk tek på seg ei tyding som avviker frå den leksikalske tydinga. Typiske tydingsskifte er metafor, metonymi og differensiering.

Tydingsskifte er veldig vanlege blant språkbrukarar, og tillet stor fleksibilitet når det gjeld ordbruk. Men det bør ikkje blandast med leksikal tvitydigheit; ord ytra i ein spesifikk kontekst kan ha fullstendig presise tydingar sjølv om dei kan uttrykkje vidt forskjellige tydingar i ulike kontekstar.

Differensiering[endre | endre wikiteksten]

Differensiering vert av Löbner 2002 definert som eit tydingsskifte som me får ved å «leggje til konsept til dei originale konsepta». Dømet hans er James Joyce er vanskeleg å forstå, kor forstå vert differensiert frå «oppfatte tydinga» til «tolke teksta si meining».

Differensiering kan likne på metonymi, eit tydingsskifte kor ein byggjer eit nytt konsept frå element i det originale konseptet. I det nemnde dømet vil James Joyce mest sannsynleg peike på «dei skrivne verka av James Joyce» og ikkje på forfattaren — eit metonymisk skifte. Om namnet skulle referere til sjølve mannen, ville forstå vorte differensiert på ein annan måte, kanskje ville ein lese ordet «forstå» i tydinga «tolke taleartikulasjonen» eller «skjøne handlingane» til personen James Joyce.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Löbner, Sebastian (2002), Understanding Semantics, Oxford University Press, ISBN 0-340-73198-2