Tyge Nielssøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tyge Nielssøn
Fødd ca. 1610
Død

1687

Yrke forleggjar
Framsida på den første norske almanakken, rekna som den første boka trykt i Noreg

Tyge Nielssøn (ca. 1610—1687) var ein dansk boktrykkar som i 1643 etablerte Noregs første boktrykkarverksemd.

Tyge Nielssøn Castberg var fødd seinast omkring 1610 , kanskje ved Kallø, ei øy på austkysten av Jylland i Danmark. Han var boktrykkar i Kjøbenhavn i 1631, der han arbeidde hos boktrykkaren Henrik Waldkirch. Den 28.5.1634 fekk han kongeleg privilegium som boktrykkar, og kunne starte si eiga verksemd. Då han byrja miste kunder, overtalte sokneprest Christen Steffensen Bang i Romedal han til å flytte verksemda si til Christiania, og han gav han 200 riksdalar, 300 ris papir og alle manuskripta sine til hjelp for etableringa.

Det første Tyge Nielsøn trykte i Noreg, var eit lite trykk med den pompøse tittelen: Encke-Suck / huorudi/Et Gudfryctigt / Menniske sin Hiertekiere Ectefellis/uformodende og hastige affgang væmodel- / beklager; trøster sig selff ov venter/effter Gud. / Til et tacknemmeligheds Tegen for/meget velgiort Componeret oc offeret / af H. F. / Vnder Melodi. / Bedrøffuelig leffuer jeg hen min tid etc. / Prentet i Christiania aff/Tyge Nielssøn / Aar 1643.

Det andre skriftet han trykte vart eit trykk av den omstridde teologen Nils Svendsen Chronich, En/Merckelig Vise/Om den yderste Dommedag/Nu nylig utgaaet på Prenten.

Det tredje han trykka var En ny / Allmanach / paa det aar efter Jesu /Christi Fødsel / 1644. Slike prognostica, eller spådomsbøker, var sikre salssuksessar. Boktrykkaren hadde mange astronomiske skriftteikn liggande, og i boka har han fråtsa i bruken av slike teikn. Boka er ein liten vakker trykksak på 47 sider i duodesformat, slik som dagens "7de sans". Dette er det første av Nielssøns tre trykk som enno finst i Noreg, og det er rekna Noregs første trykk.

Sidan trykte Nielssøn ei julepreik av teologen Chronich. På grunn av denne preika hadde teologen fått forbod mot å preike i kyrkja: I Jesu Christi Naffn. / Aandelige Jule-Betenckning / Om den Allerstørste Glæde / oc Allerhøyeste Ære / at bekomme oc beholde / udi vor Frelsere JESV CHRISTO / formedelst hans Hellige og Glædelige Fødsel / oc Menniskelige Naturs annammelse. Fremsat oc Prædicket / ved GVDS hellige Aand pc Naade / for Christianiæ Menighed / til en Tolffprædicken udi Christianiæ Kircke / paa første Juledag / ANNO DOMINI JESU CHRISTI, 1642. aff / Niels Suendszøn C. Lector oc Gvds H. Ordis Ringe oc wværdige Tienere vdi Christi/aniæ Gymnasio. / Cim Pri. Ser. Reg. Maj. ad decenn. Prentet i Christiania/ aff Tyge Nielszen / Aar 1644.

Christianiaopphaldet vart ikkje langvarig. Nielssøn og Bang kom i strid, sidan almanakken ikkje vart ferdig til mikkelsmesse, slik det var lova. 3. april 1644 gav retten Bang medhald. Bang overtok boktrykkarutstyret. Kanskje forsvann Tyge Nielssøn or soga etter dette, kanskje er han identisk med seinare sorenskrivar Tyge Nielsen.

Denne Tyge vart omkring 1642 gift med Maren Nielsdotter Knag frå BorgundSunnmøre. Hit dukkar Tyge Nielsøn opp etter at det vart slutt på boktrykkarverksemda, og i 1644/45 var Tyge Nielssøn på garden VågnesSula i Borgund. I 1650 fekk han løyve til å drive handel, sidan var han ei tid kyrkjeverje før han i 1656 vart sorenskrivar, ei stilling han hadde til han døydde rundt 1687.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]