Tygleterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tygleterne
Tygleterne Foto: Tom Tarrant
Tygleterne
Foto: Tom Tarrant
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tygleterne
Utbreiinga av tygleterne
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Onychoprion
Art: Tygleterne O. anaethetus
Vitskapleg namn
Onychoprion anaethetus

Tygleterne (Onychoprion anaethetus) er ein fugl i måsefamilien Laridae. Ho lever ved kystar, og til havs i tropiske område.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei mellomstor terne, omtrent som ei makrellterne, men kraftigare bygd. Kroppslengda er 35 til 38 centimeter, vengespennet på 76-81 og vekt på frå 95 til 150 gram. Vengene og den djupt kløfta halen er lang, og ho har mørkegrå til brun overside, og kvit underside. Panna og augebryna er kvite, som er ein slåande kontrast til svart krone og tyglestrek bakover til nakken. Nebbet og beina er svarte. Juvenile tygleterner er grå på oversida og bleik på undersida.

Denne arten blir sjeldan forveksla med andre terner, bortsett frå sotterne og polynesiaterne i det tropiske Stillehavet. Tygleterner er bleikare enn sotterner på ryggen, men ikkje så bleik som polynesiaterner.

Tygleterne-egg

Hekking skjer samla sett ved kystar av stillehavskysten av Amerika frå Mexico til Ecuador, Det karibiske havet, Vest-Afrika, Raudehavet og rundt Den arabiske halvøya, øyar i Indiahavet, Søraust-Asia, Australia og øyar i vestlege Stillehavet. Tygleterna er ein trekkfugl, lever spreidd og overvintrar meir allment gjennom dei tropiske hava. Dei har markante pelagiske vaner samanlikna med dei fleste andre terneartar. Ho er ein sjeldan streiffugl til Vest-Europa, inkludert Noreg.

Den globale populasjonen kan vere over ein million individ, med eit tyngdepunkt i området Raudehavet og rundt Den arabiske halvøya til Indiahavet, men bestanden er usikker og utviklinga er ikkje kjent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bridled Tern» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2016.
  • Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Bridled Tern (Onychoprion anaethetus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. oktober 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tygleterne