Tyngdestraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein tyngdestraum er i væskedynamikk hovudsakleg ein horisontal straum i eit tyngdefelt som er driven av tettleiksvariasjonar. Vanlegvis er tettleiksvariasjonane små nok til at Boussinesq approksimasjon gjeld.

Tyngdestraumar har vanlegvis svært låg høgde/breiddeforhold. Trykkfordelinga er derimot tilnærma hydrostatisk, bortsett frå nær framkanten av straumen. Dermed kan tyngdestraumar simulerast ved hjelp av grunnvasslikningar, med spesielle vilkår for framkanten som oppfører seg diskontinuerleg.

Framkanten av ein tyngdestraum er eit område der relativt store volum av omliggande væske vert flytta på. Blandinga er stor, og ein har ikkje klåre grenser mellom dei to væskevoluma av forskjellig tettleik. I følgje eit paradigme «kontrollerer» framkanten av tyngdestraumen resten av straumen bak seg, og er eit grensevilkår for straumen.

Framkanten flyttar seg med eit Froudetal rundt 1, og estimat av nøyaktige verdiar varierer mellom 0,7 og 1,4.

Tyngdestraumar kan transportere stoff på tvers av store horisontale avstandar. Til dømes kan uklårt vatn på havbotn transportere stoff i vatnet tusenvis av kilometer.

Tyngdestraumar oppstår på mange forskjellige skala i naturen. Døme på tyngdestraumar er havfrontar, snøras, slamstraumar på havbotn, laharar, pyroklastiske straumar og lavastraumar.