Tynnhornsau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tynnhornsau
Tynnhornsau
Tynnhornsau
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Tynnhornsau
Utbreiinga av Tynnhornsau
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Ovis
Art: Tynnhornsau O. dalli
Vitskapleg namn
Ovis dalli

Tynnhornsau (Ovis dalli), også kalla «alaskasau» og «dall-sau», er ein type villsau som kjem frå Nord-Amerika.

Tynnhornsauen er utbreidd frå Alaska til det nordlege British Columbia. Han lever i mindre flokkar i høgfjell og arktiske område, særleg i bratt fjellterreng.

Ei gruppe tynnhornsauer.

Sauen har typisk ei kroppslengd på 135–155 cm og skulderhøgd på 93–102 cm. Bukkar veg 90–120 kg medan søyer veg noko mindre.

Avhengig av underart er pelsen kvit eller svart til grå. Underarten som er svart eller grå har også tydeleg halespegel. Horna er store og snodde, men smalare enn hjå tjukkhornsau. Hornmassen er opptil 8–10 kg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Tynnhornsau» (5. februar 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. november 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tynnhornsau
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.