Tynset kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tynset kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Tynset
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Østerdal
Sokn Tynset
Fellesråd Tynset
Type åttekantkyrkje
Arkitekt Peder Ellingsen
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1795
Skip åttekant
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 700
Kart
Tynset kyrkje
62°17′05″N 10°45′15″E / 62.28472222°N 10.75416667°E / 62.28472222; 10.75416667
Wikimedia Commons: Tynset kirke

Tynset kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1795 i Tynset kommune i Innlandet fylke.

Kyrkja er bygd i tømmer og har 700 sitjeplassar. Dette er den største åttekanta kyrkja oppført i lafta tømmer. Den store steinkyrkja på Røros var førebilete for Tynset kyrkje.[1] Byggverket er i tømmer og har 700 plassar.[2] Grunnplanet er ein langstrakt åttekant med seks søyler som ber taket. Det er preikestolsalter med losjar på kvar side på same måte som i Røros kyrkje. Ordninga med preikestolsalter er i tråd med den tids skikk og med protestantismens vekt på preika og samanheng mellom ord og sakrament. Orgelet står over preikestolsalteret. Kor og skip går i eitt utan skarpt skilje.[3] Alterbildet kom i 1826.[4] Den forrige kirken (fra 1708) brant i 1792. Arbeidet med oppføring av kirkebygget tok til i 1793.[3] Taket har knekk, sakristi i to etasjar og et høgt tårn mot vest. Vreim skildrar bygget som «langstrakt åttekant av Røros-typen».[3]

Den åttekanta murkyrkja på Røros var modell for Tynset kyrkje som vart laga noko mindre og oppført i lafta tømmer.[5] Tynset kyrkje er den største åttekantkyrkja i tømmer. Byggmester for var Peder Ellingsen, overbyggmester på kobberverket. Vreim omtalar Ellingsen som ein gåverik konstruktør.[3] Ellingsen hadde deltatt ved oppføring og innreiding av Røros kyrkja, og truleg var han ein av fleire som truleg deltok i utforming av bygget - han laga mellom anna to modellar som forslag til ei lafta kyrkje på Røros.[6] Svend Aspås, som også deltok på Røros, takka nei til oppdraget på Tynset. Det første forslaget var å bygge ei steinkyrkje også på Tynset, men dette vart avvist som for vidløftig. Tømmeret var dei første 40 åra utan kledning, da vart den panelt og måla raud, seinare kom kvitfargen på. Domenico Erdmann henta i 1924 fram igjen dei opphavlege innvendige fargene og marmoreringa som hadde vore dekt av måling.

Bardu kyrkje frå 1829 er bygd etter mønster av Tynset kyrkje. Omkring 1800 utvandra ein god del frå Nord-Østerdalen til Nord-Norge og særleg til nybyggarområda i Bardu.[7] Størstedelen av folkesetnaden i Bardu på den tida hadde bakgrunn fra Tynset og Alvdal, og heldt kontakt sørover.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Tynset kirke», s. 612.
  1. Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  2. Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 612, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-75-27022-7
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Vreim, Halvor (1939). Norsk trearkitektur. Gyldendal. 
  4. Sørmoen, Oddbjørn (2001). Kirker i Norge. Bind 2: 1700-tallet - skjønnhetens århundre. Arfo. ISBN 8291399107. 
  5. Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  6. Lexow, Jan Hendrich (1982). Norges kunsthistorie. 3: Nedgangstid og ny reisning. Gyldendal. s. 52. 
  7. Braseth,Leif (1991). Utvandringen til Bardu. Kulturstyret i Alvdal. 
  8. Eggen, Øystein (1950). Bardu bygdebok. Bardu bygdeboknemnd. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]