Typografisk horunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein horunge er i typografien ei utgangslinje (det vil seia sistelinje i eit avsnitt) som står øvst på ei side eller i ei spalte utan å fylle heile linjebreidda.

Nemninga «fransk horunge» blir tilsvarande brukt om ei innrykkslinje (førstelinje i eit avsnitt) som hamnar nedst på ei side.

I norsk typografi forsøker ein å unngå horungar, men franske horungar er aksepterte.


Dette er eit enkelt og kort
døme som skal vise korleis
utgangslinja i eit avsnitt kan
hamne øvst i neste spalte.
Ei slik lausriven linje blir kalla

   

ein horunge.
    Her begynner det neste
avsnittet. Det er her berre
for å fylle opp litt plass …

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet kjem frå tysk «Hurenkind», og ordet kan ha samanheng med at fenomenet er uønskt.

For å unngå det belasta ordet «horunge», bruker nokre typografar nemningar som lause linjer, farlause linjer eller foreldrelause linjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]