Tyranny of Beauty
| Tyranny of Beauty Studioalbum av Tangerine Dream | ||
| Utgjeve | 1995 | |
| Innspelt | Juli til september 1994 | |
| Sjanger | Elektronisk musikk[1] | |
| Lengd | 57:27 | |
| Selskap | Virgin | |
| Produsent | Edgar Froese | |
| Tangerine Dream-kronologi | ||
|---|---|---|
| Catch Me If You Can (1994) |
Tyranny of Beauty | The Dream Mixes (1995)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
Tyranny of Beauty er det 51. albumet og det 23. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.[2] Gitaristen Zlatko Perica er ikkje med på dette eller det neste albumet, Goblins' Club (1996), trass i at han var fulltidsmedlem i bandet. I staden speler gjestemusikarane Gerald Gradwohl og Mark Hornby på begge desse platene og under konsertane gruppa hadde i London i november 1996.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Stilmessig er Tyranny Of Beauty i same bane som føregangarane. Sporet «Stratosfear 1995» er ei nyinnspeling av komposisjonen frå 1976, og var basert på ein idé av Jerome Froese: «Eg laga «Stratosfear» for moro skuld, kanskje for å ta han med på samlealbumet Tangents, og så sende eg han til Virgin og dei sa at han var tung til å gå innimellom dei andre spora på Tangents. Så me tenkte, ok, kanskje me kan ta han med på den neste plata...».[2]
«Largo» er ei innspeling av stykket til Georg Friedrich Händel. Edgar Froese sa: «Det er ein referanse til ei tid då folk hadde ein heilt annan tilnærmingsmåte til musikk. Om du lyttar til eit originalt Händel-stykke så vil du sjå at det er alle mogelege forskjellige kontrapunktiske melodilinjer der, forskjellie ting som skjer mot kvarandre heile tida. Det interessante var å finne ei ny melodilinje som kunne gå over alt det igjen og så andre som ikkje ville forstyrre. Og det som Linda gjorde på saksofonen fungerte godt.»[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Catwalk» | Jerome Froese | 7:19 |
| 2. | «Birdwatcher's Dream» | Edgar Froese | 6:52 |
| 3. | «Little Blonde in the Park of Attractions» | Jerome Froese | 6:57 |
| 4. | «Living in a Fountain Pen» | Edgar Froese | 6:59 |
| 5. | «Stratosfear 1995» (nyinnspeling) | Edgar Froese, Chris Franke, Peter Baumann | 5:08 |
| 6. | «Bride in Cold Tears» | Jerome Froese | 4:53 |
| 7. | «Haze of Fame» | Edgar Froese | 8:30 |
| 8. | «Tyranny of Beauty» | Edgar Froese | 6:35 |
| 9. | «Largo» (frå 'Xerxes') | George Frideric Handel | 4:12 |
| 10. | «Quasar» (inkludert på nyutgjevinga) | Jerome Froese | 3:43 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tangerine Dream
- Edgar Froese — elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument, 12-strengsgitar, trommer, lydteknikar, komponist, produsent
- Jerome Froese — elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument, trommer, perkusjon, lydteknikar, komponist
- Linda Spa — alt- og sopransaksofon, engelsk horn, saksofonarrangement på «Largo»
- Andre medverkande
- Gerald Gradwohl — elektrisk og akustisk gitar
- Mark Hornby — elektrisk og akustisk gitar, 12-strengsgitar, EBow
- Teknisk
- Christian Gstettner — lydteknikar
- Peter Baumann — komponist «Stratosfear»
- Christopher Franke — komponist «Stratosfear»
- George Frideric Handel — komponist «Largo»
- Gisela Kloetzer — strykearrangement på «Largo»
Promo
[endre | endre wikiteksten]Ein CD-5 kom ut med redigerte versjonar av fire spor og bonusspor «Quasar», som kom med på seinare utgåver av Tyranny of Beauty.[3]
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Catwalk [Excerpt]» | 4:29 |
| 2. | «Little Blonde in the Park of Attractions [Excerpt]» | 4:37 |
| 3. | «Living in a Fountain Pen» | 5:07 |
| 4. | «Birdwatcher's Dream» | 6:52 |
| 5. | «Quasar» | 3:43 |
CD-ROM
[endre | endre wikiteksten]Ein CD-ROM med same tittel vart publisert i Italia i 1995 som vedheng til magasinet New Age and New Sounds. Utanom multimedia-innhald inneheldt det to lydspor:[4]
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Catwalk (Special Version)» | 15:14 |
| 2. | «Quasar» | 3:43 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tyranny of Beauty» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Brenholts, Jim. Tyranny of Beauty på Allmusic
- 1 2 3 Berling, Michael (10. april 2013). «Tyranny of Beauty». Voices in the Net.
- ↑ «Tyranny Of Beauty CD-5». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020.
- ↑ Mal:Cite vitn