Tyree Washington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyree Washington


Statsborgarskap USA
Fødd 28. august 1976 (47 år)
Riverside i California
Idrett friidrett

Tyree Washington (fødd 28. august 1976) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Riverside i delstaten California som vart kåra til verdsmeister 2003 på 400 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Washington vart tredjemann på 400 meter då han VM-debuterte i Aten i 1997. Med ny personleg rekord på 44,39 sekundar var han to hundredels sekund bakom sølvmedaljøren, vinnaren Michael Johnson fekk tida 44,12. I den same meisterskapen sprang han USA inn til siger i 4 x 400 meter stafett, ein triumf som seinare vart annullert då to av lagkameratane hans i ettertid vart avslørt for å ha vore dopa. Saman med desse to, Jerome Young og Antonio Pettigrew, sprang Washington og Michael Johnson inn til 2.54,2 og stafett-verdsrekord sommaren 1998, også den rekorden vart seinare annullert.

Den 12. mai 2001 gjorde Washington i Eagle Rock unna sitt livs kjappaste 400-meterløp då han vart klokka inn på 44,28 sekundar. I mars 2003 vann han 400-meteren ved innandørs-VM i Birmingham og fem månader seinare vart han nummer to på distansen ved utandørs-VM i Paris, to hundredels sekund framom franske Marc Raquil. Jerome Young vann løpet på tida 44,50. Til sist i Paris-meisterskapen var Washington og mellom andre Young med om å vinne den lange stafetten. Då Young sidan vart avslørt som dopa, gjekk også dette siste stafettgullet fløyten for Washington, derimot rykte han opp til gullplassen på 400 meter.

Derimot fekk Washington behalde gullmedaljen han og andre lagkameratar vann på den lange stafetten under innandørs-VM 2006 i Moskva.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1997 i Aten: Bronsemedalje på 400 m – 44,39
  • VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 400 m – 44,77, framom Marc Raquil (44,79)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]