Tyrihansfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tyrihansfeltet er eit norsk oljefelt i blokk 6407/1 på Haltenbanken i Norskehavet. Feltet ligg på 285 meters djupne og består av Tyrihans Sør og Tyrihans Nord. Feltet inneheld kondensat, NGL og gass. Tyrihans kan bli utbygd i tilknyting til Kristinfeltet. Gassen frå feltet skal gjennom ein 43 km lang røyrledning til Kristin-plattforma, før den blir sendt saman med gass fra Kristin til Kårstø. Kondensat og olje skal saman med produksjonen frå Kristinfeltet bli stabilisert og sendt gjennom ei røyrledning til Åsgard C for vidare transport med tankskip. Operatør er oljeselskapet Statoil, som har ein eigardel på 46,8 prosent. Produksjonen skal etter planen starte sommaren 2009.

Bakgrunnsinfomasjon[endre | endre wikiteksten]