Tyrihansprisen
Utsjånad
Tyrihansprisen «Vil du være med så heng på», ofte berre kalla Tyrihansprisen, er ein norsk ærespris til nokon som har bidrage mykje til norsk figurteaterkunst, som dokketeater og liknande. Han blir delt ut anna kvart år av UNIMA-Norge, den norske foreininga for figurteater, og kan gå til ein enkeltperson, ei gruppe eller ein institusjon. Prisen blei stifta på initiativ frå Birgit Strøm, som overrekte prisen til den første mottageren, Tatjana Zaitzow, i 1997.[1]
Prisen er ein statuett utforma av bilethoggaren Nina Sundbye.[2]
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Tatjana Zaitzow, figurteaterkunstnar
- 1999: Barthold Halle, instruktør
- 2001: Riksteatret
- 2003: Lisbeth Narud, scenograf og dokkedesignar[3]
- 2005: Anne Helgesen, figurteaterkunstnar
- 2007: Agder teater v/Giert Werring
- 2009: Bjørg Mykle[4]
- 2012: Mona Wiig[5]
- 2015: Figurteatret i Nordland[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Pris for figurteater opprettet». urn.nb.no (på norsk). Aftenposten. 1997-10-25. Henta 2018-01-29.
- ↑ «Fond og priser». UNIMA. Henta 2018-02-14.
- ↑ «Lisbeth Narud». sceneweb.no (på norsk). Henta 2017-11-08.
- ↑ «Bjørg Mykle». sceneweb.no (på norsk). Henta 2017-11-08.
- ↑ «Tyrihansprisen 2012». sceneweb.no (på norsk). Henta 2017-11-08.
- ↑ «Lofotposten - Nasjonal ærespris til kulturbedrift». www.lofotposten.no (på norsk). 2015-06-17. Henta 2018-01-28.
- Denne artikkelen bygger på «Tyrihansprisen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. oktober 2019.