Tyrkisk historie
Tyrkia er blant dei eldste kulturområda i verda etter geografisk plassering, men republikken Tyrkia som arving til Det osmanske riket er av nyare dato, skapt då sultan Mehmet VI blei kasta av den nye republikanske samlinga i Tyrkia i 1922. Det nye regimet gjorde statskupp mot det osmanske regimet som hadde tapt det meste av territoriet sitt i fyrste verdskrigen. Historia til moderne Tyrkia byrjar med grunnlegginga av republikken i 1923 med Mustafa Kemal (Atatürk) som den fyrste presidenten. Denne artikkelen vil likevel gå tilbake til dei eldste tidene.
Førhistorie
[endre | endre wikiteksten]
Deler av dagens Tyrkia (omkring det øvre løpet til Eufrat og Tigris) ligg innanfor den fruktbare halvmånen, og har hatt fastbuande jordbrukarar i svært lang tid – kanskje 12 000 år.
Tyrkia har også husa nokre av dei tidlegaste bydanningane i historia. Den mest kjende er Çatal Höyük, som i det 7. tusenåret f.Kr. hadde ein folkesetnad på 5 000. Byen hadde eit irrigasjonssystem som er det eldste ein kjenner til i verda. Ved Çayönü nær Diyarbakır har tyrkiske arkeologar grave ut ein by der det ser ut til at ein har framstilt jern så tidleg som 5 000 f.Kr. og koppar så tidleg som 7 000 f.Kr. – den eldste kjente metallproduksjonen i verda.
Den mest kjende arkeologiske lokaliteten i Tyrkia er Troja, som blei anlagt ca. 3 000 f.Kr. Storleiken på nokre av husa, i tillegg til alle dei kostbare gjenstandane som blei funne under utgravingane i Troja, viser at det finst maktsenter av ein viss storleik i Anatolia i det 3. tusenåret f.Kr. Dette blir òg stadfesta av andre funn frå same tid. Mot slutten av tusenåret gjekk mange av dei tidlegare blomstrande bysentera til grunne, og blei etter kvart avløyste av langt mindre og fattigare byar. Det ser ut til at Anatolia blei invadert av eit folk frå nordvest, og at det var krig i området.
Tidleg historisk tid
[endre | endre wikiteksten]Dei eldste vesleasiatiske innskrifta finst på leirtavler frå kring 1800 f.Kr. Det fyrste samfunnet som etterlet seg skrift var hettittarriket. Tavler med dels kileskrift og dels hieroglyfar fortel om eit sentralisert rike styrt av ein overkonge som dominerte eit føydalt nett av småkongar. Hettittane låg i krig med naboar som Arzawa og Ahhiyawa. I løpet av det 2. tusenåret breidde Assyria seg oppover Eufrat- og Tigrisdalen. Kysten av Egearhavet og Middelhavet hadde på denne tida mykensk busetjing.
Rundt 1250 f.Kr. blei hettittarriket og andre nærliggande rike i sentrale Vesleasia invadert av frygarane. Frygarane var eit indoeuropeisk folk som truleg kom frå Trakia, men utgravingar av dei to største frygiske byane Midas Şehri og Gordion har ikkje avdekt noko skriftleg materiale etter frygarane. Rundt 700 f.Kr. var det ute med det frygiske riket, og ei tid var Lydia det store riket i Vesleasia. Den siste store lydiske kongen var Kroisos, eller Krøsus.
I 546 f.Kr. trengte persarane inn i Lydia og gjorde riket til ein persisk provins med hovudstad i Sardes. I eit par hundre år var heile Vesleasia styrt av persarane, og var då inndelt i fire provinsar, kvar styrt av ein satrap. I dei greske områda på kysten var persarane hata for hardstyre og øydeleggingar, medan i det indre av landet, der ein del persiske handelsmenn sjølv slo seg ned, kan tilhøyringa ha vore betre.
Hellenismen
[endre | endre wikiteksten]I 334 f.Kr. gjekk Aleksander den store over Hellesponten (Dardanellane), og i løpet av eit års tid hadde han lagt heile den persiske delen av Vesleasia under seg. Etter at Aleksander døydde i 323 blei dei ulike regionane styrt av generalar frå hæren til Aleksander og etterkomarane deira.
Dermed byrja ei utstrekt hellenisering av det indre av Vesleasia. Kysten hadde då gjennom fleire hundreår vore under innverknad av dei mange greske bystatane. Denne utbreiinga av gresk kultur gjev namn til tida mellom Aleksander og Romarriket. I byane blei det bygd greske tempel, stadion, teater og odeon for dyrking av gresk kultur. Den mest imponerande av desse hellenifiserte byane har truleg vore Pergamon. Det greske språket spreidde seg på kostnad av eldre, lokale språk som lykisk, pamfylisk og frygisk.
Det var hyppige stridar mellom ulike rivaliserande dynasti, og i 279 f.Kr. engasjerte kong Nikomedes I av Bithynia keltisk leigesoldatar frå Sentral-Europa som militær støtte. Desse galatarane slo seg ned i det austlege Frygia nær Ankara, og kalla landet Galatea. Keltisk språk heldt seg i fleire hundreår i denne delen av Tyrkia.
Romarriket
[endre | endre wikiteksten]
Kring 200 f.Kr. byrja romarane å gjera innfall på kysten av Vesleasia. Det fyrste store slaget mellom romarane og lokale fyrstar stod ved Magnesia i 190 f.Kr. I løpet av dei følgjande to hundreåra la romarane under seg heile området som i dag er Tyrkia. Mange lokale herskarar freista å stansa den romerske frammarsjen, og mange romerske generalar skaffa seg ære og berømming på slagmarka i Vesleasia, blant dei Sulla og Pompeius. Julius Cæsar avslutta Pompeius sitt arbeid i 47 f.Kr. med slaget ved Zela, der han uttalte «Veni. Vidi. Vici».
Det romerske styret førte fred og stabilitet til Vesleasia, og særleg det frå før mindre utvikla innlandet naut godt av romersk administrasjon. Ankara blei bygd opp til ein stor og viktig innlandsby. Samstundes førte romarane ein hard skatteleggingspolitikk som førte verdiar ut av landet.
Folkevandringane som etter kvart sprengte Romrariket, var òg merkbare i Vesleasia. I 258 e.Kr. trengte gotiske stammar inn i landet og plyndra Ankara og byar så langt aust som i Kappadokia. Gotarane blei slått tilbake av Claudius II i 269. Omtrent på same tid auka persarane presset mot den romerske austgrensa. Her bli tol og med ein romersk keisar, Valerian, tatt til fange og døydde i persisk fangenskap.
Vesleasia blei raskt eit kristent kjerneområde. Apostelen Paulus var frå Tarsus, og mange av reisene som er skildra i Apostelgjerningane gjorde han mellom byar i Vesleasia. Ein av dei tidlege tilhaldestadane til dei kristne var Antiokia, der Peter budde. Romerske guvernørar kjempa mot dei kristne i varierande grad, og under keisar Diokletian i 303 blei det sett i verk store kristenforfølgingar i fleire byar. Etter at keisar Konstantin omvendte seg og blei den fyrste kristne keisaren i Romariket, tok det berre eit par årstider før kristendomen var blitt statsreligion.
Det bysantinske riket
[endre | endre wikiteksten]Etter omvendinga si til kristendommen ville keisar Konstantin den store bort frå det gamle maktsentrumet i Roma med dei heidenske tradisjonane sine. I 322 valde han difor å flytta hovudstaden nærare det kristne kjerneområdet i Vesleasia. Etter fyrst å ha peikt ut Troja som ny hovudstad, ombestemte han seg og oppretta det nye Roma i provinsbyen Bysants ved Bosporos, som no fekk namnet Konstantinopel. Frå 330 var Konstantinopel romersk og kristen rikshovudstad.
Medan den vestlege delen av det romerske riket i dei følgjande hundreåra blei invadert av germanske og andre barbariske stammar, var den austlege delen ikkje påverka av kaoset i vest. Det 5. og 6. hundreåret var prega av fred, stabil økonomi og stor praktutfolding. Etter kvart blei latin fortrengt av gresk latin som hoff- og administrasjonsspråk. Utdanningssystemet blei fullstendig kristent, kyrkja blei den mektigaste institusjonen i alle byar, og dessutan den største byggaren. Katedralen Hagia Sofia frå midten av 500-talet står som eit symbol på den kristne praktutfaldinga i det austromerske riket.

Då keisar Justinus I døydde låg heile området av det som i dag er Tyrkia innanfor grensene til det austromerske riket. Men i tiåra som følgde kom riket under press frå nabofolk både i nord og aust, og på byrjinga av 600-talet rykka persiske styrkar inn og nådde så langt vest som Kadıköy (Kalsedon) ved Marmarahavet. Mange byar blei øydelagde; særleg gjekk det hardt ut over den praktfulle provinsbyen Ankara. Samstundes fann det stad eit kulturelt og økonomisk samanbrot.
I 628 lukkast keisar Herakleios i å driva ut persane, men krigen svekka både Bysants og Persarriket så mykje at angripande muslimske arabarar i 654 kunne trenga heilt fram til Ankara. Dei austlege provinsane gjekk tapt, men dei nye muslimske herskarane praktiserte ein stor grad av religionsfridom, slik at kristne samfunn har kunna leva vidare innanfor dei muslimske områda fram til moderne tid.
I Poson vann Bysants eit avgjerande slag mot ein arabisk hær, og Det bysantinske riket heldt fram å vera ein stormakt i dei følgjande hundreåra. Under Basileios II blei grensene flytta både nordover mot Bulgaria, austover mot Armenia og sørover mot Palestina. Etter at Basileios døydde i 1025 blei riket svekka av blodig rivalisering om makta. Samstundes gjorde splittinga i ei austleg og ei vestleg kyrkje at Bysants blei isolert frå tidlegare forbundsfellar i Europa.
Tyrkarane kjem
[endre | endre wikiteksten]Tyrkarane var eit ryttarfolk som kom frå steppene langt aust i Sentral-Asia, og som hadde lagt ut på vandring. På 1000-talet grunnla eit tyrkisk folk under leiing av Seldsjuk-klanen eit rike på armensk, persisk og arabisk område, og byrja å leggja press på austgrensa til Det bysantinske riket. I 1071 stod eit slag mellom 14 000 seldsjukryttarar og 150 000 leigesoldatar frå Bysants ved Malazgirt. Slaget blei vunne av tyrkarane.
Bysant fotsette med å halda stand mot dei muslimske tyrkarane i lang tid. I Anatolia skjedde likevel ein gradvis innvandring og islamisering, og den bysantinske sentralmakta stod svakt i dei austlege områda. På 1200-talet slo seldsjukkane og bysantinarane hærane sine saman i eit forsøk på å stoppa den mongolske invasjonen frå aust, men kunne likevel ikkje hindra at mongolane trengte langt inn i Vesleasia.
Det osmanske riket
[endre | endre wikiteksten]
Det samla trykket av krosstoga, mongolane og andre tyrkiske stammar som trengte vestover gjorde at seldsjukdynastiet etterkvart gjekk i oppløysing. På 1200-talet blei det avløyst av ei rekkje mindre, muslimske fyrstedøme. Eit av desse hadde sete på eit gods nær byen Eskişehir i det vestlege Vesleasia, og var leia av Osman Gazi. Plasseringa var strategisk mellom det sterkt svekka Bysants i vest og svake seldsjukkiske småstatar i aust.
I 1301 vann hæren til Osman over ein talmessig overlegen bysantinsk styrke i slaget ved Baphaion. Ryktet om krigslykka til Osman spreidde seg i den muslimske verda, og muslimar over heile Vesleasia slutta seg til han. I slaget ved Nicomedeia i 1308 sigra osmanane igjen, og i dei følgjande åra blei Det bysantinske riket redusert til ikkje stort meir enn ein bystat som fekk leva vidare på nåde frå osmanane.
Osmanane oppretta hovudstaden sin i Bursa i 1326. Under sonen til Osman, Orhan Gazi, og sonesonen Murad I byrja det osmanske riket ekspansjon for alvor. Osmanane kryssa Bosporos og besette det meste av Balkan i løpet av 1300-talet. Hovudstaden blei flytta til Adrianopel i Thrakia og fekk sitt tyrkiske namn Edirna. Sonen til Murad, Beyazid, stod imot det siste desperate forsøket til kristne Europa på å kasta ut muslimane, og 10 000 krossfararar måtte bøta med livet i slaget ved Nikopolis i dagens Bulgaria i 1396.
Ei ny mongolsk angrepsbølge under leiing av Timur Lenk medførte nesten slutten på Det osmanske riket, då Timur og ryttarane hans knuste ein osmansk hær i slaget ved Ankara i 1402 og tok Beyazid til fange. Deretter rykka dei heilt fram til Izmir.
Inngangen til mongolane blei likevel eit intermesso, og Det osmanske riket blei snart omorganisert. I 1451 bestemte sultan Mehmet II seg for å innta Konstantinopel, og 29. mai 1453 fall dei siste restane av Det bysantinske riket etter ei langvarig omleiring. Det osmanske riket nådde høgdepunktet sitt med omsyn til territorium, organisasjon og kulturelt under sultan Suleiman I på 1500-talet.
Frå byrjinga av 1700-talet byrja ei sakte nedgangstid for riket, då Europa gjorde seg mindre avhengig av Istanbul ved å finna andre vegar til austen, og berika seg på overjøisk gull og sølv frå Amerika. Dessutan førte indre stillstand og motstand mot modernisering som følgje av ei strengare tolking av islam til at Europa gradvis fekk eit vitskapleg og teknologisk forsprang.
1800-talet
[endre | endre wikiteksten]Den aukande økonomiske styrken til Europa viste seg tydeleg under den industrielle revolusjonen, då all ny industri og infrastruktur i Tyrkia blei bygd av utanlandske selskap, og Det osmanske riket i løpet av 1800-talet fekk rolla som råvareleverandør. Framleis representerte riket stor rikdom og mykje kjøpekraft, og det blei difor òg ein viktig marknad for vesteuropeiske industrivarer. Under Krimkrigen blei osmanane redda av Storbritannia, Frankrike og Italia, nettopp for å sikra Tyrkia som marknad.
Regimet i Istanbul levde over evne, og tok opp store lån til høg rente, noko som førte til statsbankerott i 1875. Året etter kom sultan Abd-ul-Hamid II (Abdülhamid) til makta, og i eit forsøk på å reformera det skrantande regimet fekk han vedteke den fyrste osmanske grunnlova, og gjennomførte nokre forsiktige reformer. Abdülhamid prøvde å industrialisera og modernisera det store, men svekka riket etter evne. Mot slutten av hundreåret fekk reformvennlege krefter sultanatet meir og meir til å framstå som ei leivning frå fortida, og i 1909 utførte folk frå ungtyrkarrørsla eit statskupp og avsette Abdülhamid. Statskuppet kunne ha vore stoppa, men Abdülhamid var fast bestemt på å ikkje nytta vald. Det ungtyrkiske styret utarta til eit militærdiktatur som samarbeidde sterkt med Tyskland, i staden for å følgja balansepolitikken til Abdülhamid.
Fallet til Det osmanske riket
[endre | endre wikiteksten]Den indre utilfredsheita fall saman med eit kappløp frå dei vesteuropeiske stormaktene om å gjera innverknaden sin gjeldende hjå «den sjuke mannen i Europa.» Særleg hadde Tyskland suksess, og oppretta handels- og militæravtal med Istanbul.
Då fyrste verdskrigen braut ut i 1914, ønskte osmanane å vera nøytrale, men blei ganske snart trekte inn i krigen på tysk side. Den einaste vellukka osmanske militæraksjonen under krigen var forsvaret av Dardanellane mot ein fransk-britisk styrke. Aksjonen var leia av general Mustafa Kemal, som vann stort ry som militærstrateg, og fekk ord på seg for å vera modig og uovervinneleg.
Ellers var fyrste verdskrigen ein katastrofe for landet, særleg for sivilbefolkninga aust i Tyrkia. Her hadde armenarar samarbeidd med Russland, og blei straffa med massedeportasjonar som førte til at ein stor del av den armenske folkesetnaden døydde av svolt, vassmangel og sjukdom. Samstundes døydde titusenvis av tyrkiske sivile av liknande årsaker etter angrep frå armenske opprørshærar. Kampane mellom tyrkarar og armenarar enda ikkje før ved underskrivinga av Alexandropol-traktaten i 1920, og har resultert i langvarig bitterheit mellom armenarar og tyrkar. Eit overslag går ut på at 40% av den totale folkesetnaden i austlege Tyrkia døydde som følgje av krigshandlinga. Hendinga er blitt kjend som det armenske folkemordet.
Ved Mondros-våpenstillstanden i november 1918 og seinare ved Sèvres-traktaten måtte Det osmanske riket ikkje berre avstå alle landområda utanfor det tyrkiske kjerneområdet, men òg godta at Bosporos og Dardanellane var besitte av dei allierte, at Frankrike og Italia okkuperte både øyar i Egeerhavet og område på fastlandet, at armenarane fekk eit stort landområde mot det austlege Svartehavet, og at Hellas besette det meste av Thrakia og eit område rundt Izmir.
Landsstigninga til grekarane i Izmir 15. mai 1919 var gneisten som tende patriotismen til tyrkarane. Mustafa Kemal gjekk i gang med å organisera nasjonalistiske styrkar, og den 23. april 1920 kalla han saman til ei tyrkisk folkeforsamling i Ankara. Her fekk han fullmakt til å innleia ein fridomskrig. Dei krigstrøytte engelskmennene, franskmennene og italienarane trekte seg ganske snart ut. Deretter gjekk Kemal mot armenarane i aust og pressa dei tilbake til dagens grense. Dei hardaste kampane kom mot grekarane ved Izmir, men etter å ha tapt to avgjerande slag ved Sakarya og Dumlupinar trekte Hellas seg ut av Izmir og det austlege Thrakia i september 1922.
Republikken Tyrkia
[endre | endre wikiteksten]3. mars 1923 erklærte folkeforsamlinga i Ankara sultanatet for oppløyst. 29. oktober same året blei republikken Tyrkia formelt oppretta, med Mustafa Kemal som sjølvskriven president.
Med det nystifta republikanske folkepartiet (RPP) som reiskap sette Kemal seg for å bryta med dei osmanske tradisjonane og bygga Tyrkia opp att som eit verdsleg demokrati etter vestleg mønster. Undervisingssystemet blei totalt reorganisert, i 1925 blei alle kloster nedlagde, og i 1928 blei det arabiske alfabetet bytta ut med det latinske. Hovudplagget fez, som var tett knytt til det gamle embetsmannsveldet, blei avskaffa. Kvinner fekk fulle politiske rettar, og blei oppfordra til å ta utdanning og søkja seg inn i alle yrka og posisjonar i samfunnet.
På 1920-talet oppmuntra staten til privat økonomisk verksemd, men etter at krakket i 1929 hadde ramma tyrkisk økonomi hardt, byrja leiarane å tvile på kapitalismemodellen. I staden knytte dei seg tettare til Sovjetsamveldet. Den tyrkiske staten påtok seg stort økonomisk engasjement, organisert gjennom det statlege kontoret SEE. Den fyrste femårsplanen kom på plass i 1934, og på 1930-talet var økonomien til Tyrkia igjen i god vekst.
RPP si haldning til demokratiske rettar var prega av vakling. Ved eit par tilfelle blei det tillate å danna opposisjonsparti, men etter at muslimsk propaganda byrja å truga heile moderniseringsprosessen, strama styresmaktene til igjen.
Mustafa Kemal døydde i 1938, og den gamle venen og kampfellen hans İsmet İnönü overtok presidentembetet. Under andre verdskrigen førte han ein fast nøytralitetspolitikk, og fyrst i dei siste vekene av krigen erklærte Tyrkia krig mot det slagne Tyskland.
Etterkrigstida
[endre | endre wikiteksten]Etter krigen blei det tidlegare gode tilhøved til Sovjetunionen avløyst av gjensidig mistillit. Då Sovjet kravde kontroll over Bosporos og Dardanellane, og dessutan område aust i landet, fekk Tyrkia vestleg støtte. USA sende slagskipet USS «Missouri» til Istanbul, og Sovjet trekte tilbake kravet.
I 1945 fekk ei gruppe opposisjonelle løyve til å danna Det demokratiske partiet (DP), som sanka støtte dels frå godseiarar og konservative bønder - dels frå middelklassen i byane, som var lei av Sovjet-eksperimenta til RPP. Ved det fyrste frie valet i 1950 kom DP til makta etter eit valskred, og dei to partistiftarane Celal Bayar og Adnan Menderes blei høvesvis president og statsminister.
På 1950-talet førte Tyrkia ein sterkt pro-amerikansk politikk. Labdet sende troppar til Koreakrigen, melde seg inn i NATO i 1952, og let USA anleggja basar i landet. Statssosialismen blei avløyst av ein kapitalistisk økonomisk politikk. Utover på 1950-talet opplevde Tyrkia ein økonomisk krise, med ein forverra betalingsbalanse og stadige devalueringar. Etter kvart som Menderes mista støtte i folket, blei han mindre og mindre demokratisk innstilt; han innførte pressesensur, fengsla opposisjonelle og manipulerte vala.
Militærstyre
[endre | endre wikiteksten]27. mai 1960 blei Menderes avsett ved eit militærkupp og avnretta. Dei demokratisk innstilte kuppeleideren fekk i stand frie val i 1961, og ein storkoalisjon danna regjering. I 1965 overtok Rettferdtspartiet under leiing av Süleyman Demirel regjeringsmakta. Rettferdspartiet var danna på restane av det forbodne DP. I 1971 førte streikar og aukande spenning mellom konfliktvillige grupper på høgre og venstre til eit nytt kupp. Denne gongen slo generalane hardt ned på både konservative og venstreorienterte, og tusenvis blei fengsla. I 1972 gjenoppretta kuppmakarane parlamentet, og i 1973 danna eit omorganisert RPP under leiing av sosialdemokraten Bülent Ecevit regjering saman med partiet til dei islamske fundamentalistane – det såkalla historiske kompromisset.
Ecevit styrka populariteten sin då han i 1974 sende tyrkiske tropper til Kypros for å hindra at generalane i Aten skulle innlemme øya i Hellas. Øya har sidan vore delt i ein greskkypriotisk og ein tyrkiskkypriotiske del, og Kypros-spørsmålet har gjort tilhøvet til nabolandet Hellas anstrengt over lang tid.
Siste halvdel av 1970-åra var prega av ein uoversiktleg parlamentarisk situasjon. Mangelen på politisk stabilitet førte til samanstøyt og gatekamper mellom ulike politiske grupper, og Tyrkia var langt inne i borgarkrig-liknande tilstandar som resulterte i at anslagsvis 5 000 menneske blei drepne i politisk uro på slutten av 1970-talet. 12. september 1980 greip militæret inn på nytt. No blei alle politiske parti forbodne, mange tusen blei internerte og eit tjuetal avretta. Kuppgeneralen Kenan Evren oppretta eit nasjonalt tryggleiksråd som skulle ta alle avgjerder. I denne perioden vart Tyrkia heilt isolert frå Vesten, og forhandlingane om EU-tilslutting blei avbrotne.
Ny demokratisk kurs
[endre | endre wikiteksten]I 1983 tillet militæret eit nytt parlamentval. Turgut Özal sitt parti ANAP kom til makta og danna den fyrste fleirtalsregjeringa i Tyrkia på 30 år. Özal gjennomførte politiske og økonomiske reformar som fekk Tyrkia ut av den internasjonale isolasjonen. For furste gong sidan 1930-talet blei importen frigjort, og skiftande regjeringar etterpå førte ein meir markedsorienterte økonomisk politikk.
Betringar i menneskerettssituasjonen førte igjen Tyrkia inn i Europarådet, og etter å ha blitt gjenvald i frie val i 1987 utarbeidde Özal Tyrkia nye EU-søknad. Eit av dei mest betende spørsmåla både innanriks og i tilhøyringa til Vesten har vore behandlingen av den kurdiske minoriteten i søraust. Kampen mellom det marxistiske kurdiske arbeidarpartiet PKK, som står på EU- og SN-lister over terrororganisasjonar, og tyrkiske forsvars- og politistyrkar, har sidan 1984 krevd til saman 40 tusen dødsoffer.
Kuppforsøk og presidentstyre
[endre | endre wikiteksten]Recep Tayyip Erdoğan, som hadde vore statsminister frå 2003, blei vald til president ved det fyrste direkte presidentvalet i 2014.
15. juli 2016 blei det gjort forsøk på eit militærkupp. Ein gruppe som kalla seg Yurtta Sulh Konseyi erklærte unntakstilstand og portforbod.[1][2] Kuppforsøket var over neste dag, sent på formiddagen. The Economist meldte at 230 var drepne, blant dei 145 sivile som konfronterte soldatar som støtta kuppmakarane. Erdoğan erklærte ein unntakstilstand på tre månader og arresterte fleire tusen soldatar, blant dei over 100 generalar. Få dagar etter kuppforsøket blei 8000 politimenn og 3000 dommar avsette eller internerte.[3]
Etter ei folkeavrøysting i 2017 blei grunnloven endra slik at det blei overført makt frå nasjonalforsamlinga til presidenten. Endringane innebar innføringa av presidentstyre og var på førehand vedteke i parlamentet med 3⁄4 fleirtal. Veneziakommisjonen hadde på førehand kritisert forslaga til grunnlovsendring, blant anna for å vera i strid med maktfordelingsprinsippet, og at valet fann stad medan landet var i unntakstilstand.[4] OSSE kritisert valet etter at det var gjennomført, blant anna fordi partane ikkje hadde fått like vilkår i valkampen, at veljarane ikkje hadde motteke objektiv informasjon og at viktige deltakarar i samfunnsdebatten sat fengsla under valet.[5][6]
Erdoğan blei gjenvald som president i 2018 og 2023.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Basaran, Ezgi (16. juli 2016). «Turkey coup: Who was behind Turkey coup attempt?». BBC News. Henta 31. januar 2024.
- ↑ Aaser, Kristian (18. juli 2016). «Folket stanset kuppet». Klassekampen, s. 12
- ↑ After the coup, the counter-coup. The Economist, 23. juli 2016, s. 14
- ↑ «Venice Commission :: Council of Europe». www.venice.coe.int (på engelsk). Henta 30. januar 2024. «20. The parliamentary procedure of adoption of the constitutional amendments has presented some peculiarities and suffered from certain problems which raise concern.»
- ↑ «Lack of equal opportunities, one-sided media coverage and limitations on fundamental freedoms created unlevel playing field in Turkey’s constitutional referendum, international observers say | OSCE». www.osce.org (på engelsk). 17. april 2017. Henta 30. januar 2024. «The 16 April constitutional referendum took place on an unlevel playing field and the two sides of the campaign did not have equal opportunities. Voters were not provided with impartial information about key aspects of the reform, and civil society organizations were not able to participate. Under the state of emergency put in place after the July 2016 failed coup attempt, fundamental freedoms essential to a genuinely democratic process were curtailed. The dismissal or detention of thousands of citizens negatively affected the political environment. One side’s dominance in the coverage and restrictions on the media reduced voters’ access to a plurality of views. While the technical aspects of the referendum were well administered and referendum day proceeded in an orderly manner, late changes in counting procedures removed an important safeguard and were contested by the opposition.»
- ↑ NRK. «– Folkeavstemming i strid med internasjonal standard». NRK (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Tyrkias historie» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2026.