Tysbastslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysbastslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Tysbastfamilien Thymelaeaceae
Slekt: Tysbastslekta Daphne
L., 1753

Tysbastslekta (Daphne) er ei planteslekt i tysbastfamilien.

Ho omfatta lauvfellande eller eviggrøne buskar. Blada er heilranda, har svært kort stilk og sit nesten alltid spreitt. Blomane duftar sterkt og har ikkje eigentlege kronblad, men begeret er vakse saman til eit røyr med fire flikar som minner om kronblad. Dei eviggrøne artane har ofte grøne blomar, medan dei lauvfellande som regel har rosa blomar, men det finst òg andre blomsterfargar som gul, kvit og purpur. Mange blomstrar svært tidleg på året, seint på vinteren eller tidleg på våren. Frukta er ein mellomting mellom ei steinfrukt og eit bær og er særs giftig for menneske, men ufarleg for fuglar.

Daphne tangutica frå Kina og austre Himalaya

Slekta er utbreidd i dei tempererte og subtropiske delane av Eurasia og Nord-Afrika frå Asorane i vest til Kamtsjatka i aust. Det finst 19 arter i Europa. I Noreg finst ein art, tysbast (Daphne mezereum), naturleg. Fleire av artene i slekta blir dyrka i hagar.

Artar[endre | endre wikiteksten]

I juli 2020 rekna Plants of the World Online følgjande artar med til slekta:[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Daphne Tourn. ex L.», Plants of the World Online (Royal Botanic Gardens, Kew), henta 6. juli 2020 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 244–245. ISBN 82-512-0355-4
  • M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). London: A & C Black. s. 137–138. ISBN 0-7136-7015-0
  • L. Carles og L. Thébault (2010). Guide de la flore des Alpes-Maritimes: du Mercantour à la Méditerranée. Gilleta•nice-matin. s. 189–190. ISBN 978-2-915606-74-4
  • J.J. Halda og L. Horáček. «Some taxonomic problems in the genus Daphne» (PDF). Acta Mus. Richnov 5: 133–160. OCLC 50343404. Arkivert frå originalen (PDF) 29. november 2014. Henta 19. november 2014. 
  • Flora Europaea – Daphne Besøkt 19. november 2014.
  • Flora of China – Daphne Besøkt 19. november 2014.
  • «Daphne». Flora iberica (PDF) (spansk). VIII. Madrid: RJB/CSIC. s. 33–42.