Tysk i Eurovision Song Contest
Tysk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det tyske språket i Eurovision Song Contest. Den andre songen som vart framført i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956, «Das alte Karussell», vart framført på tysk av Lys Assia. Sidan den gong har ni land delteke med til saman 98 ulike bidrag som har vorte framført på tysk; 46 frå Tyskland, om ein ikkje tek med bidraget frå 1996, 34 frå Austerrike og 12 frå Sveits og eitt kvar seg frå Noreg, Polen, Ukraina, Estland, Irland og Montenegro. Tyskland deltok under namnet Vest-Tyskland frå 1956 til 1990 og 35 av bidraga er dimed frå tida før dei vart sameint på nytt med Aust-Tyskland som aldri deltok. Austerrike og Vest-Tyskland har i tillegg vunne tevlinga ein gong kvar med ein song framført på tysk. Av landa som kan delta er tysk offentleg språk i Austerrike, Belgia, Luxembourg, Sveits og Tyskland.
Bidrag
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1.^ Alle landa, bortsett frå vertslandet Noreg, måtte gjennom ein kvalifiseringsrunde. Kvalifiseringsrunden vart ikkje kringkasta på nokon måte og alle songane var førehandsinnspelte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Informasjon om dei ulike bidraga er henta frå Engelsk Wikipedia.
- Denne artikkelen bygger på «List of languages in the Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2012.