Hopp til innhald

Tysk i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tysk i Junior Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det tyske språket i Junior Eurovision Song Contest. Fyrste gongen ein song på tysk vart framført i Junior Eurovision Song Contest var i 2006 då Serbia debuterte med «Učimo strane jezike» av gruppa Neustrašivi učitelji stranih jezika. Sidan den gong har tre land delteke med til saman fire ulike bidrag som har vorte framført på tysk; to frå Tyskland, eitt frå Albania og eitt frå Serbia. Av landa som kan delta er tysk offisielt språk i Austerrike, Belgia, Liechtenstein, Luxembourg, Sveits og Tyskland.

#ÅrLandArtistSongAndre språkFinalen
PlassPoeng
012006 SerbiaNeustrašivi učitelji stranih jezika«Učimo strane jezike»Serbisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, russisk og spansk581
022015 AlbaniaMishela Rapo«Dambaje»Albansk, engelsk, fransk, italiensk, kunstig, serbisk og tyrkisk593
032020 TysklandSusan«Stronger With You»Engelsk1266
042021 TysklandPauline«Imagine Us»Engelsk1761