Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1956
Land Vest-Tyskland
Offisielt Allemagne
Kringkastar Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland
Nasjonal uttaking
Uttaking 1. Intern
2. Schlager & Chansons
Dato(ar) 1. mai 1956
Artist(ar) 1. Freddy Quinn
2. Walter Andreas Schwarz
Song 1. «So geht das jede Nacht»
2. «Im Wartesaal zum großen Glück»
Språk 1. Tysk
2. Tysk
Låtskrivar(ar) 1. Lothar Olias og Peter Mösser
2. Walter Andreas Schwarz
Resultat
Finalepoeng 1. N/A
2. N/A
Finaleplass 1. N/A
2. N/A

Vest-Tyskland, offisielt Allemagne, debuterte i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits 24. mai 1956 med dei tyskspråklege songane «So geht das jede Nacht» og «Im Wartesaal zum großen Glück», framført av høvesvis Freddy Quinn og Walter Andreas Schwarz. «So geht das jede Nacht» vart vald av Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland, medan «Im Wartesaal zum großen Glück» vart vald i den nasjonale uttakinga, Schlager & Chansons. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Lys Assia som representerte og vann for Sveits deltok i den vesttyske uttakinga berre tre dagar etter at ho vann den sveitsiske, men fekk ikkje representere Vest-Tyskland. Vinnaren vart kåra av ein jury beståande av to delegatar frå alle deltakarlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Ein kunne òg røyste på sitt eige land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]