Tysnes-meteoritten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tysnes-meteoritten (offisielt namn: Tysnes Island [1]) er ein steinmeteoritt som fall ned over Midtvåge på Tysnesøy i Tysnes kommune den 20. mai 1884.[2] Mange skal ha sett meteoritten komma som ei stor eldkule og skal ha høyrt ein eksplosjon.[2] Det skal ha falle fleire steinar ned etter eksplosjonen, men av dei som fall ned over Midtvåge, var det berre småstein med unnatak av ein bit på nesten 19 kg.[2] Denne steinen skal ha bora seg 30 cm gjennom jordlaget, til den trefte stein og spratt opp att og landa 13 meter lengre vekk.[2]

Steinen skal vera samansett av mineral som olivin, broncit og metalliske korn av jern og magnetkis og er den nest største meteoritten som har blitt funnen i Noreg etter ein meteoritt i Finnmark som vog vel 77 kg.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om meteoritten på heimesida til The Meteoritical Society
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Johannes Heggland (1964). Tysnes - Det gamle Njardarlog 1. s. 49-50. 
  3. «Norske meteoritter» - Ei fullstendig lista over meteorittar som har falle i Noreg på heimesidene til Naturhistorisk museum i Oslo.