Tyssedal kyrkje
Tyssedal kyrkje | |
kyrkje | |
Foto: Jarle Vines | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Hardanger og Voss |
Sokn | Tyssedal |
Fellesråd | Odda |
Stad | Tyssedal |
Type | Langkyrkje |
Arkitekt | Axel Fronth |
Material | Betong |
Innvigd | 4. april 1965[1] |
Klokker | To stykke, frå Olsen Nauen Klokkestøperi |
Kyrkjegard | På Berjaflot i Odda |
Døypefont | I granitt |
Sitjeplassar | 250 |
Wikimedia Commons: Tyssedal kirke | |
Tyssedal kyrkje står i industristaden Tyssedal på austsida av Sørfjorden i Odda kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1965. Kyrkja er ei såkalla naustkyrkje og er teikna av arkitekt Axel Fronth.
Kyrkja har eit høgt og spist saltak. I hovudhøgda er det attåt kyrkjeromet sakristi og møterom I kjellaren er det mellom anna garderobar, kjøken og møterom. Veggene er bygde i armert betong.
Kyrkja er soknekyrkje i Tyssedal sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja. Før dei fekk kyrkja i Tyssedal, sokna folk i området til Odda kyrkje.
Innhaldsliste
Inventar[endre | endre wikiteksten]
Det er ikkje noko altartavle på altaret, men på veggen bak heng ein biletvevnad laga av Grethe Lein Lange.[1] Altarringen har form av tre sider av eit kvadrat. Altarpodiet har fiolett golvteppe, medan golvet rundet har skiferheller. Døypefonten er laga i granitt. Preikestolen er laga delvis i formpressa limtre. Benkene i kyrkja er lause trebenker utan vangar.[1]
Gravstad[endre | endre wikiteksten]
Det er ikkje gravstad ved kyrkja. I staden vert kyrkjegarden på Berjaflot i Odda nytta.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Norges Kirker: «Tyssedal kyrkje» på nettstaden til Norsk Institutt for kulturminneforskning». Parameteren
|Kommentar=
er ikkje støtta av malen. Meinte du|kommentar=
?) (hjelp)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Tyssedal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Odda kommune på nettstaden disnorge.no
- Vis Tyssedal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren