Tysseelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysseelva renn ut i Samnangerfjorden ved Tysse.

Tysseelva ligg ved Tysse i Samnanger, er snautt 3 km lang og går ifrå Frølandsvatnet og ut i Samnangerfjorden ved Tysse.

Eit kraftverk som ligg i fabrikken Safa, nyttar delar av vatnet forbi Tyssefossen, som går ned i fjorden.

Elva har vore ei populær fiskeelv for laks og sjøaure som fekk laksetrapp forbi fossen i år 2000.

Oppom Frølandsvatnet er det to elvar: Frølandselva (Eikedalselva lenger oppe) som er varig verna, og Storelva som er sterkt regulert med fire kraftverk. Frølandselva er lakseførande den nedste kilometeren mot Frølandsvatnet.

Tysseelva, som er ein del av Samnangervassdraget, har eit nedsalgsfelt på kring 233 km² i eit av dei nedbørrikaste områda i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]