Tyssefaldene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Senjaneset transformatorstasjon (1967) ved administrasjonsbygget til Tyssefaldene.

AS Tyssefaldene eller Aktieselskabet Tyssefaldene er eit kraftselskap som produserer, distribuerer, overfører og omset elektrisk kraft. Tyssefaldene leverer konsesjonskraft til mellom anna Ullensvang kommune.

Tyssefaldene blei stifta i 1906 av Sam Eyde.[1] Han var generaldirektør fram til 1910 da Ragnvald Blakstad tok over. Det første kraftanlegget, Tyssedal kraftanlegg, sto klart i 1908 og var i drift til 1989.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Historie - Tyssefaldenes historie». AS Tyssefaldene. Henta 18. mars 2021.