Tyssefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tyssefjorden er den inste delen av Erfjorden i Suldal kommune i Rogaland. Han er 4 km lang og strekkjer seg frå Hålandssundet, like nord for tettstaden Hålandsosen og bygda Erfjord og inn til grenda Tysse. Tyssefjorden er smal med bratte fjordsider på begge sider. På austsida stig fjordsida nesten 600 meter rett opp til Sørhusheia (595 moh).

Over Hålandssundet kryssar Riksveg 13 fjorden over ei om lag 250 meter lang bru.