Tysso i Odda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatnet i Tysso rann tidlegare gjennom Tyssedal kraftanlegg (Tysso I). Anlegget er freda, og vatnet vert no leidd gjennom Oksla kraftstasjon.

Elva Tysso rann frå Ringedalsvatnet i Skjeggedal og ned dalen til Tyssedal og ut i Sørfjorden i Hardanger. I 1908 vart Tysso I kraftverk opna, og det var vatnet frå Tysso som dreiv kraftverket. Det vart slått tunnel med handmakt frå Vetlevatnet nedanfor Ringedalsvatnet, gjennom fjellet og fram til Lilletopp, der ei røyrgate førte vatnet ned til kraftstasjonen. AS Tyssefaldene bygde ut Tysso I, og den gamle kraftanlegget er no freda, det freda kraftanlegget blir i dag forvalta av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Vassføringa i Tysso er borte, og alt vatnet går i dag til den nye kraftstasjonen Oksla nede ved Sørfjorden, dette kraftanlegget er eigd av Statkraft .