Tysvær sokn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tysvær er eit sokn i Tysvær kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det har nesten 2 400 inbyggjarar (2013) og omfattar den sørvestre delen av kommunen.

Tysvær kyrkje ligg ved botnen av Vågen (Tysværvågen), ei grein av Førlandsfjorden, omtrent midt i soknet. Soknet høyrer til Haugaland prosti.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tysvær kommune vart oppretta i 1849 og hadde same grenser som kyrkjesoknet fram til kommunesamanslåinga i 1965. Same år vart Tysvær sokn utvida då Gismarvik krins vart overført frå Avaldsnes sokn, og Vordeneset kapelldistrikt vart overført frå Skjold sokn. Vordeneset vart likevel overflytta til Nedstrand sokn i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]