Tübingen

Koordinatar: 48°31′0″N 09°03′0″E / 48.51667°N 9.05000°E / 48.51667; 9.05000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tübingen
Gamlebyen i Tübingen
Gamlebyen i Tübingen
Gamlebyen i Tübingen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Tübingen
Tübingen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Tübingen
Tübingen
Først nemnd i 1191
Ordførar Boris Palmer (Bündnis 90/Die Grünen)
Geografi
Flatevidd
 - By

108,12 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

84 496
  782/km²
Koordinatar 48°31′0″N 09°03′0″E / 48.51667°N 9.05000°E / 48.51667; 9.05000
Høgd over havet 341 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 72070–72076
Telefon-retningsnummer 07071, 07073, 07472
Bilnummer
Heimeside: www.tuebingen.de

Tübingen er ein tradisjonell universitetsby i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 84 000 innbyggjarar. Byen ligg 30 km sørvest for Stuttgart mellom elvane Neckar og Ammer. Universitetet i Tübingen er i dag ein av dei leiande universiteta i Tyskland, derav å vera ein av seks tyske eliteuniversitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tübingen har sitt opphav ein gong på500- eller 600-talet, og dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1191. Endinga ingen i namnet tyder på at han ein gong var busett av alemannarar. I 1231 fekk byen byrettar og eit rettssystem. I 1342 vart Tübingen kjøpt opp av grev Ulrich III og innlemma i grevskapet Württemberg.

Sjølv om ein stort sett ikkje kan merke noko til det i dag, var Tübingen fram til 1950-åra ein svært sosioøkonomisk delt by med fattige lokale bønder og kjøpsmenn langs Stadtgraben (bykanalen) og studentar og akademikarar rundt Alte Aula og Burse, dei gamle universitetsbygningane.

På den andre halvdelen av 1900-talet vart det administrative området til Tübingen utvida med fleire landsbyar og småbyar. Mest kjend av desse er Bebenhausen, som er ein landsby bygd opp rundt eit slott og eit cistercianarkloster om lag 3 km nord for Tübingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tübingen