Uår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unggut ved ein uttørka åker i Etiopia i 2008.
'Bøn i tørketida' (1878-1881) av Grigorij Mjasojedov.

Uår er ei nemning for år der ein opplever svært dårlege avlingar eller fangstmengder. Uår kan ha grunnlag i uvanlege vêrmønster eller klimaendringar, plantesjukdommar eller endringar i dyrebestandar. Dei kan føra med seg matmangel og svolt eller feilernæring og i nokre høve større hungersnaud. Nauda kan ofte førebyggjast gjennom planlegging, samarbeid og godt styre, eller kan gjerast verre av vanstyre, krig og anna uro. I nokre høve kan uåra føra med seg omveltingar i samfunna dei råkar.

Forklaringar[endre | endre wikiteksten]

Ofte kjem uår av uventa vêr som kan koma av tilfeldige variasjonar eller av større klimafenomen eller klimaendringar. El Niño og La Niña er eit globalt fenomen som har forårsaka uår og naud ei rekkje gonger. Den vesle istida, som gav kalde vintrar og mykje nedbør, er blitt knytt til fleire uår og hungersnauder frå 1300-talet til 1800-talet.

Historisk har det dermed vore vanskeleg å føresjå uår. Gjennom tidene har folk brukt spådom, bøn, offer og andre rituale for å trygga god grøde og verna seg mot uår. Ein kan klandra seg sjølve eller visse personar, som hekser eller prestar, for uåret. I norrøn tid verker ein å ha halde kongelege personar ansvarlege for uår, og det blir fortald om blót av dei ved nokre høve.[1]

Kongsspegelen frå 1200-talet tek for seg ulike typar uår, som når ein har uår på kornet, men ein framleis får gras og halm, når uåret råker alt som veks, eller når det råker buskap eller dyr i hav eller vatn. Han åtvarar om «landøyde» om slike uår kjem samtidig og varer i tre år.[2] Læredialogen nemner også ei verre form for uår, «uår i folket» eller «uår i seder, mannvit eller framferd hjå dei som skal styre landet».[3] Dette reflekterer at uår kan hjelpast om kloke folk handlar med andre land som ikkje har uår, eller biletleg, ein herskar må kjempa mot uåret i seder gjennom refs eller bøn. Vidare åtvarar han mot slikt uår som følgjer med at fleire kongssøner kjemper om makta.[4][5]

Historiske uår[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av hungersnauda i India i 1877.

I norsk historie kan ein nemna «grønåra» som førte til hungersnaud i 1740–42 og uåra 1808/1809 og 1812/1813, som kom på toppen av blokaden under napoleonskrigane. Ein regnfull sommar og kald haust gjorde at både potet- og kornhausten slo feil over heile landet. I tillegg var det lite sild å fiska det året. Folk svalt i hel og døydde av biverknader av svolten.[6] Hungersnauda var den siste ein opplevde i Noreg. Ho førte til misnøye med styret frå Danmark, og medverka til sjølvstendearbeidet i 1814.[7]

Den store hungersnauda i Irland på 1840-talet kom etter uår på potetene som fleirtalet av innbyggjarane på øya var avhengige av å eta. Rundt ein million menneske døydde som følgje av hungersnauden, og ein million forlét landet.[8] Hungersnauda førte med seg auka misnøye med det britiske kolonistyret i landet, særleg kornlovane (Corn Laws), som gjorde korn dyrt og vanskeleg å importera til Irland. Misnøya styrkte kampen for irsk sjølvstende.

Dust Bowl var ei miljøkrise som råka Great Plains-området av Nord-Amerika på 1930-talet. Tørke og vinderosjon av det nyleg oppdyrka prærielandskapet førte til at tusenvis av bønder måtte dra frå gardane sine. Saman med den store depresjonen gav uåra stor fattigdom og liding.

Ein tørkeperiode i Sahel i 1968–74 førte til ein svoltkatastrofe i Afrika. Det afrikanske hornet blei råka av både uår og krig i 1984-85, noko som førte til tap av opptil ein million menneskeliv.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blot», Store norske leksikon, 30. april 2015, henta 18. juli 2016 
  2. Hellevik 1976, s. 104.
  3. Hellevik 1976, s. 105.
  4. Hellevik 1976, s. 106-107.
  5. Årsagen til uår, denstoredanske.dk
  6. Cato Guhnfeldt (18.april 2011), «Norges siste hungersnød», Aftenposten 
  7. Morten Nordhagen Ottosen (25. november 2015), «Barkebrødstider 1807–1814», Norgeshistorie.no 
  8. Ross 2002, s. 226.
  9. «Hungersnød», Store norske leksikon, 15. august 2012, henta 18. juli 2016