U-Vox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
U-Vox
Studioalbum av Ultravox
Språk engelsk
Utgjeve 9. oktober 1986
Innspelt 1986
Studio
Sjanger
Lengd 42:49
Selskap Chrysalis
Produsent
Ultravox-kronologi 
The Collection
(1984)
U-Vox Revelation
(1993)


Singlar frå U-Vox
  1. «Same Old Story»
    Utgjeve: 1986
  2. «All Fall Down»
    Utgjeve: 1986
  3. «All in One Day»
    Utgjeve: 1987
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

U-Vox er det åttande studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, gjeve ut 9. oktober 1986 på Chrysalis Records. Det var det femte albumet til bandet med Midge Ure og det siste med besetninga bandet hadde hatt sidan 1979, om ein ser bort frå Warren Cann. Bandet vart oppløyst i 1987, men vart samla att i 1992 med ei anna besetning som gav ut to album, styrt av klaverspelaren Billy Currie som det einaste attverande medlemmet. Denne Ure-styrte besetninga kom saman att i 2008. Det var òg det siste Ultravox-albumet som nådde topp 10 på UK Albums Chart, der det nådde niandeplassen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trass i at det nådde topp 10 i Storbritannia, var det ikkje ein like stor suksess som dei førre Ultravox-albuma i 1980-åra og inneheldt ingen singlar som nådde topp 20. Dei to singlane «Same Old Story» og «All Fall Down» nådde høvesvis 31. og 30. plassen. I tillegg vart trommeslagaren Warren Cann sparka frå bandet før innspelinga og vart erstatta av Mark Brzezicki frå Big Country. Stilen dei vart utvikla bort frå den elektroniske rocken dei hadde spelt på Lament mot til dømes ein keltisk stil på «All Fall Down», der The Chieftains var gjesteartistar. Det siste sporet på albumet, «All in One Day», vart arrangert og dirigert av George Martin.

U-Vox vart det siste Ultravox-albumet med Midge Ure før bandet vart oppløyst i 1987. Besetninga kom saman att i 2008 for ein turné og spelte inn eit nytt album, Brilliant, som kom ut i 2012.

EMI Gold gav ut ei ommastra utgåve av U-Vox i 2000 med bonusspor. Ei ommastra luksusutgåve kom ut i 2009 med ei ekstra bonusplate med fleire B-sider, miksar og demoar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure.

Nr.TittelLengd
1.«Same Old Story»4:38
2.«Sweet Surrender»4:34
3.«Dream On»4:47
4.«The Prize»5:37
5.«All Fall Down»5:09
6.«Time to Kill»4:26
7.«Moon Madness»3:28
8.«Follow Your Heart»4:53
9.«All in One Day»5:09
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«3» (B-side til «Same Old Story»)4:01
11.«All in One Day» (Instrumental, B-side til 12"-versjon av «Same Old Story»)6:12
12.«Dreams?» (B-side til «All Fall Down»)2:32
13.«All Fall Down» (Instrumental, B-side på 12"-versjonen av «All Fall Down»)5:34
14.«Stateless» (B-side til «All in One Day»)2:51
Bonusplate på 2009-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Same Old Story» (Extended Version)7:00
2.«3»4:01
3.«All In One Day» (Instrumental)6:13
4.«All Fall Down» (Extended Version)7:41
5.«Dreams?»2:31
6.«All Fall Down» (Instrumental)5:36
7.«Dream On» (Konsertopptak frå Wembley Arena, 6. nov 1986)3:50
8.«The Prize» (Konsertopptak frå Wembley Arena, 6. nov 1986)4:58
9.«All Fall Down» (Konsertopptak frå Wembley Arena, 6. nov 1986)5:41
10.«Stateless»2:52
11.«Same Old Story» (Konsertopptak frå Glasgow Barrowlands, 1. nov 1986)4:32
12.«Sweet Surrender» (Konsertopptak frå Glasgow Barrowlands, 1. nov 1986)3:02
13.«All In One Day» (Konsertopptak frå Glasgow Barrowlands, 1. nov 1986)6:46
14.«Time To Kill» (Konsertopptak frå Glasgow Barrowlands, 1. nov 1986)2:53
15.«All In One Day» (Work In Progress Mix)6:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ultravox

Gjestemusikarar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[2] 92
Europeiske album (Music & Media)[3] 47
Tyske album (Offizielle Top 100)[4] 49
Svenske album (Sverigetopplistan)[5] 16
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[6] 29
Britiske album (OCC)[7] 9

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[8] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ogg, Alex. U-VoxAllmusic
  2. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. s. 317. ISBN 0-646-11917-6. 
  3. «European Hot 100 Albums» (PDF). Music & Media 3 (43): 31. 1. november 1986. OCLC 29800226. Henta 5. september 2020 – via American Radio History. 
  4. "Offiziellecharts.de – Ultravox – U-Vox" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 5. september 2020.
  5. "Ultravox – U-Vox". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 5. september 2020.
  6. "Ultravox – U-Vox". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 5. september 2020.
  7. "19861019 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 5. september 2020.
  8. «British album salstrofé – Ultravox – U-Vox». British Phonographic Industry. 9. oktober 1986. Henta 5. september 2020.  Enter U-Vox in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go