Den USA-amerikanske hæren
| United States Army, U.S. Army | |||
| Emblemet til den USA-amerikanske hæren | |||
| Type | Hær | ||
|---|---|---|---|
| Skipa | 14. juni 1775/3. juni 1784 | ||
| Stab | 546 047 aktivt personell 559 244 reserve- og nasjonalgardepersonell 1 105 301 til saman (2012)[1] | ||
| Medlemmer | 1 018 000 | ||
| Motto | «This We'll Defend» | ||
| Nettstad | https://army.mil | ||
Den USA-amerikanske hæren er ein profesjonell hær som har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar på land. Hæren har nytta vernepliktpersonell ved tre større konfliktar: Andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Hæren kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775, då Den kontinentale hæren vart skipa av Dei tretten koloniane for å ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane. Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Den kontinentale hæren lagt ned, og Kongressen oppretta den nye nasjonale hæren 3. juni 1784.
I 2012 hadde hæren rundt 1,1 millionar medlemmer, 546 047 personar som aktivt personnel og 559 244 i reservestyrkane eller nasjonalgardepersonnel.[1]
Hæren vert styrt av det amerikanske hærdepartementet som ligg under Det USA-amerikanske forsvarsdepartementet. Den høgaste og sivile leiaren for hæren er hærministeren (Secretary of the Army, SECARMY eller SA), som sidan 2009 har vore John M. McHugh. Den høgast rangerte offiseren i departementet er hærstabssjefen (Chief of Staff of the Army), sidan 2011 Raymond T. Odierno, medan den høgaste rangerte offiseren i heile det amerikanske forsvaret er Chairman of the Joint Chiefs of Staff, sidan 2011 Martin Dempsey.
Inndelingar
[endre | endre wikiteksten]Den noverande inndelinga av hæren omfattar 10 aktiver divisjonar og fleire sjølvstendige einingar.
| Engelsk namn | Norsk namn | Hovudkvarter |
|---|---|---|
| 1. panserdivisjon | Fort Bliss i Texas | |
| 1. kavaleridivisjon | Fort Hood i Texas | |
| 1. infanteridivisjon | Fort Riley i Kansas | |
| 2. infanteridivisjon | Camp Red Cloud i Sør-Korea | |
| 3. infanteridivisjon | Fort Stewart i Georgia | |
| 4. infanteridivisjon | Fort Carson i Colorado. | |
| 10. fjelldivisjon | Fort Drum i New York | |
| 25. infanteridivisjon | Schofield Barracks på Hawaii | |
| 82. luftborne divisjon | Fort Bragg i Nord-Carolina | |
| 101. luftborne divisjon | Fort Campbell i Kentucky | |
| Vicenza i Italia | ||
| Vilseck i Tyskland | ||
| Fort Hood i Texas | ||
| Fort Irwin i California |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «United States Army» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2013.
Denne militærartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |












