UEFA-cupfinalen i fotball 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

UEFA-cupfinalen i fotball 1972, den fyrste i sitt slag, stod mellom to engelske klubbar, Tottenham Hotspur frå London og Wolverhampton Wanderers, og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 3. mai på Molineux Stadium i Wolverhampton med 38 362 på tribunane, returkampen på White Hart Lane i London vart avvikla 17. mai framfor 54 303 tilskodarar. Tottenham sigra med 3 mål mot 2.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Tottenham skåra det fyrste målet i Wolverhampton då Martin Chivers vann ein duell og heada ballen forbi målvakta. Heimelaget utlikna etter eit kjapt frispark frå 18 meter, eit frispark som overrumpla eit uorganisert Tottenham-forsvar og spelte fri Jim McCalliog som plasserte eit laust skot under målvakta. Chivers skåra Tottenham-mål nummer 2 på eit langskot frå 25 meter og syrgde for gjestesiger 2-1.

På heimebane i London tok Tottenham leiinga i det 39. minutt ved Alan Mullery, og som i Wolverhampton, på ei heading etter frispark. Danny Hegan utlikna for Wolverhampton W på ein susar av eit langskot frå utanfor hjørnet av 16-meteren.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget til Tottenham bestod av: Pat Jennings, Joe Kinnear, Mike England, Phil Beal, Cyril Knowles, Alan Mullery (kaptein), Steve Perryman, Martin Peters, Alan Gilzean, Martin Chivers, Ralph Coates og innbytaren John Pratt.

Wolverhampton-mannskapet var Phil Parkes, Bernard Shaw, Frank Munro, John McAlle, Gerry Taylor, Danny Hegan, Jim McCalliog (kaptein), Kenny Hibbitt, John Richards, Derek Dougan, Dave Wagstaffe, Mike Bailey, Hugh Curran.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Tofik Bahramov frå Sovjetunionen var kampleiar i Wolverhampton, Laurens van Ravens frå Nederland hadde same oppgåva i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]