UEFA-cupfinalen i fotball 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1975 stod mellom vesttyske Borussia Mönchengladbach og nederlandske FC Twente frå Enschede og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 7. mai på Rheinstadion i Düsseldorf framfor vel 42 000 tilskodarar, returkampen 20. mai på Diekman stadion i Enschede med i underkant av 22 000 på tribunane. Borussia Mönchengladbach vann pokalen med sluttsiffera 5 mot 1.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Kampen i Düsseldorf enda mållaus.

I Enschede leia bortelaget 2-0 allereie ni minuttar ut i kampen, etter skåringar av dansken Allan Simonsen og Jupp Heynckes. Femten minuttar ut i andre omgang hadde Heynckes notert seg for to fleire nettkjenningar. Sidan reduserte Twente-kapteinen Epi Drost til 4-1 eit kvarter før ordinær tide var ute, og Allan Simonsen fastsette sluttresultatet til 5-1 på straffespark fem minuttar før dommaren bles av kampen.

Lagoppstillingane i Enschede

Laga[endre | endre wikiteksten]

Borrussia-mannskapet omfatta Wolfgang Kleff, Hans-Jürgen Wittkamp, kapteinen Berti Vogts, Ulrich Surau, Rainer Bonhof, Herbert Wimmer, Dietmar Danner, Henning Jensen, Allan Simonsen, Jupp Heynckes, Hans Klinkhammer, Frank Schäffer, Christian Kulik, Uli Stielike, Horst Köppel, Karl Del'Haye.

FC Twente mønstra Volkmar Groß, Epi Drost, Cees van Ierssel, Niels Overweg, Karl Oranen, Frans Thijssen, Theo Pahlplatz, Kick van der Vall, Jaap Bos, Jan Jeuring, Johan Zuidema, Eddy Achterberg, Arnold Mühren.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Károly Palotai frå Ungarn var kampleiar på Rheinstadion, Paul Schiller frå Austerrike i Enschede.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]