UEFA-cupfinalen i fotball 1978

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

UEFA-cupfinalen i fotball 1978 stod mellom nederlandske PSV Eindhoven og franske SC Bastia og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 26. april på Stade Furiani i Bastia med 15 000 på tribunane, returkampen vart avvikla 9. mai på Philips stadion i Eindhoven framfor 27 000 tilskodarar. PSV Eindhoven sigra med 3 mål mot 0 og tok klubbens fyrste triumf i ei av dei store europeiske klubbturneringane.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Kampen i Bastia enda mållaus.

Heime på Philips stadion ordna Willy van de Kerkhof PSV-leiing i det 24. minutt. Midtvegs i den andre omgangen, etter 21 og 23 minuttars spel, avgjorde PSV finalen med to kjappe skåringar, fyrst ved Gerrie Deijkers, så ved kapteinen Willy van der Kuijlen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Meisterlaget til PSV bestod av: Jan van Beveren, Kees Krijgh, Adrie van Kraay, Ernie Brandts, Huub Stevens, Harry Lubse, Jan Poortvliet, Willy van de Kerkhof, René van de Kerkhof, Willy van der Kuijlen, Gerrie Deijkers og innbytaren Nick Deacy.

Bastia-mannskapet omfatta: Pierrick Hiard, André Burkhard, André Guesdon, Charles Orlanducci, Jean-Louis Cazes, Johnny Rep, Félix Lacuesta, Jean-François Larios, Abdelkrim Merry Krimau, Claude Papi, Yves Mariot, Paul Marchioni, François Félix, Marc Weller, Jean-Marie De Zerbi.

Domarar[endre | endre wikiteksten]

Dusan Maksimović frå Jugoslavia var dommar på Korsika, Nicolae Rainea frå Romania dømde i Eindhoven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]