UEFA-cupfinalen i fotball 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1979 stod mellom vesttyske Borussia Mönchengladbach og Raude Stjerne frå Beograd i Jugoslavia og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 9. mai i Beograd framfor 87 000 tilskodarar, returkampen 20. mai på Rheinstadion i Düsseldorf med 45 000 på tribunane. Borussia Mönchengladbach vann pokalen med sluttsiffera 2 mot 1.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

I Beograd gav Miloš Šestić Raude Stjerne leiinga midtvegs i fyrste omgangen. Eit sjølvmål etter 60 minuttars spel gjorde at kampen enda 1-1.

På Rheinstadion i Düsseldorf avgjorde Allan Simonsen finalen då han skåra på straffespark, 18 minuttar ut i returoppgjeret.

Lagoppstillingane på Rheinstadion, Borussia i kvitt

Laga[endre | endre wikiteksten]

Borrussia-mannskapet omfatta Wolfgang Kneib, Berti Vogts (kaptein), Wilfried Hannes, Frank Schäffer, Norbert Ringels, Winfried Schäfer, Christian Kulik, Rudi Gores, Horst Wohlers, Allan Simonsen, Ewald Lienen, Carsten Nielsen, Dietmar Danner, Horst Köppel.

Raude Stjerne stilte med Aleksandar Stojanović, Nikola Jovanović, Dragan Miletović, Ivan Jurišić, Milan Jovin, Sloboljub Muslin, Vladimir Petrović, Cvijetin Blagojević, Nedeljko Milosavljević, Dušan Savić, Miloš Šestić, Đorđe Milovanović, Zlatko Krmpotić.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Ian Foote frå Skottland var kampleiar i Beograd, på Rheinstadion var det Alberto Michelottti frå Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]