UEFA-cupfinalen i fotball 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1981 stod mellom engelske Ipswich Town og nederlandske AZ 67 frå Alkmaar og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 6. mai på Portman Road i Ipswich framfor 27 532 tilskodarar, returkampen 20. mai på Olympisch Stadion i Amsterdam med 28 500 på tribunane. Ipswich FC vann pokalen med 5 mål mot 4.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

På heimebane gav John Wark Ipswich leiinga på eit straffespark etter ein halvtimes spel. Etter pausen la Frans Thijssen kjapt på til 2-0. Ti minuttar ut i omgangen netta Paul Mariner og sluttresultatet vart 3-0.

Returoppgjeret i Nederland tok til med at Thijssen skåra for Ipswich i det 4. minutt og Kurt Welzl utlikna for AZ 67 i det 7. minutt. John Metgod sende heimelaget i føringa i det 25. minutt, sju minuttar seinare utlikna John Wark til 2-2. I det 40. minutt var Pier Tol frampå og gav heimelaget leiinga på nytt. I den andre omgangen auka Jos Jonker til 4-2 for AZ 67 i det 73. minutt. Fleire mål kom ikkje, dermed vann Ipswich finalen 5-4.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Ipswich sitt vinnarlag bestod av Paul Cooper Steve McCall, Russel Osman, Terry Butcher, Mick Mills (kaptein), Frans Thijssen, John Wark,Arnold Mühren, Paul Mariner, Alan Brazil, Eric Gates.

For AZ 67 spelte Eddy Treijtel, Hans Reijnders, John Metgod, Ronald Spelbos, Hugo Hovenkamp, Jan Peters, Jos Jonker, Kristen Nygaard, Kurt Welzl, Pier Tol, Kees Kist, Richard van der Meer, Chris van den Dungen,

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Adolf Prokop dømde kampen i Ipswich, Walter Eschweiler dømde i Amsterdam. Begge to var frå Aust-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]