UEFA-cupfinalen i fotball 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1982 stod mellom svenske IFK Göteborg og vesttyske Hamburger SV og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 5. mai på Ullevi i Göteborg framfor 42 548 tilskodarar, returkampen 19. mai på Volksparkstadion i Hamburg med 57 312 på tribunane. IFK Göteborg vann pokalen med 4 mål mot 0,

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Heime på Ullevi skåra Tord Holmgren kampens einaste mål for det svenske laget midtvegs i den andre omgangen.

På bortebane i Hamburg sjokkerte gjestene frå Sverige heimepublikum med å vinne 3-0 etter skåringar av Dan Corneliusson i det 25. minutt, og av Torbjørn Nilsson og Stig Fredriksson 61 og 64 minuttar ut i kampen, siste målet kom på straffespark.

Lagoppstillingane på Volksparkstadion, IFK Göteborg i blåkvitt

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget IFK Göteborg bestod av Thomas Wernersson, Ruben Svensson, Glenn Hysén, Conny Karlsson (kaptein), Stig Fredriksson, Tord Holmgren, Jerry Carlsson, Glenn Strömberg, Dan Corneliusson, Torbjörn Nilsson, Tommy Holmgren, Glenn Schiller, Håkan Sandberg.

Hamburger SV stilte med Uli Stein, Manfred Kaltz, Ditmar Jakobs, Holger Hieronymus, Bernd Wehmeyer, Jürgen Groh, Jimmy Hartwig, Felix Magath, Thomas von Heesen, Lars Bastrup, Horst Hrubesch (kaptein), Caspar Memering, Peter Hidien.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

John Carpenter frå Irland var kampleiar i Göteborg, englendaren George Courtney i Hamburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]