UEFA-cupfinalen i fotball 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1988 stod mellom vesttyske Bayer Leverkusen og spanske Espanyol frå Barcelona og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 4. mai Estadi de Sarrià i Barcelona framfor 31 180 tilskodarar, returkampen 18. mai på Ulrich Haberland Stadion i Leverkusen med 21 600 på tribunane. Begge laga vann 3-0 på si heimebane. Dermed måtte det straffeskyting til før Bayer Leverkusen kunne, med sine tre nettkjenningar frå 11-meteren mot Espanyols to, heve pokalen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

På heimebane i Barcelona sende Sebastián Losada heimelaget i leiinga sekundar før pause. Miquel Soler auka til 2-0 allereie i det fjerde minutt av andre omgang, Losada la på til til 3-0 sju minuttar seinare.

Etter ein mållaus fyrsteomgang i Leverkusen skåra både Tita da Paixão, Falko Götz og Cha Bum-kun for heimelaget. Måla kom i høvesvis det 57., 63., og 81 minutt av kampen. Ingen av laga skåra i ekstraomgangane. I straffeskytinga skåra dei to fyrste Espanyol-eksekutørane, men ingen av dei tre neste. Då heldt det med at tre av fire Bayer-spelarar sende ballen i nettmauskane.

Lagoppstillingane i Leverkusen. Bayer i kvitt

Laga[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet som stod for Bayer Leverkusens største triumf bestod av Rüdiger Vollborn, Wolfgang Rolff (kaptein), Erich Seckler, Alois Reinhardt, Knut Reinhardt, Andrzej Buncol, Cha Bum-kun, Ralf Falkenmayer, Falko Götz, Tita da Paixão, Christian Schreier, Herbert Waas, Klaus Täuber, Jean-Pierre de Kayer, Florian Hinterberger.

Espanyol mønstra Thomas N'Kono, Job Sanchez, Miguel Ángel Benítez, Josep María Gallart, Miquel Soler, Diego Orejuela, Santiago Urquiaga, Iñaki Pérez, Ernesto Valverde, Pichi Alonso, Sebastián Losada, Joan Golobart, John Lauridsen, Javier Zubillaga, Manuel Zúñiga.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Dušan Krchňák frå Tsjekkoslovakia dømde kampen i Barcelona, Jan Keizer frå Nederland dømde i Leverkusen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]