UEFA-cupfinalen i fotball 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1989 stod mellom italienske SSC Napoli og tyske VfB Stuttgart og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 3. mai på Stadio San Paolo i Napoli med 81 093 på tribunane, returkampen vart avvikla 17. mai på Neckarstadion i Stuttgart framfor 67 000 tilskodarar. Napoli sigra i finalen med 5 mot 4, klubbens einaste triumf i dei store europeiske klubbturneringane.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

I Napoli sende Maurizio Gaudino bortelaget i føringa i det 17.minutt. Midtvegs i den andre omgangen utlikna Diego Maradona på straffespark. Fire minutt før full tid skåra Careca og Napoli hadde snudd kampen til siger 2-1.

I Stuttgart var det Alemão som gav bortelaget leiinga i 18. minutt. Ni minuttar etter utlikna Jürgen Klinsmann til 1-1. I det 39. minutt tok Napoli leiinga 2-1 ved Ciro Ferrara. Careca auka leiinga til 3-1 i det 62. minutt av kampen. Sidan fekk Stuttgart ei redusering etter sjølvmål i det 70. minutt. To minuttar før kampen vart avblåst utlikna innbytaren Olaf Schmäler til 3-3. Til lita nytte, med samanlagt 5-4 i målprotokollen drog Napoli avgarde med UEFA-pokalen.

Lagoppstillingane i Napoli. Heimelaget i blått

Laga[endre | endre wikiteksten]

SSC Napoli sitt meisterlag besto av: Giuliano Giuliani, Ciro Ferrara, Giovanni Francini, Giancarlo Corradini, Alemão, Alessandro Renica, Luca Fusi, Fernando De Napoli, Careca, Diego Maradona (kaptein), Andrea Carnevale og innbytarane Massimo Crippa, Antonio Carannante, Tebaldo Bigliardi.

Stuttgart mønstra: Eike Immel, Günther Schäfer, Karl Allgöwer, Guido Buchwald, Michael Schröder, Nils Schmäler, Srečko Katanec, Jürgen Hartmann, Fritz Walter, Ásgeir Sigurvinsson, Maurizio Gaudino, Jürgen Klinsmann, Rainer Zietsch, Olaf Schmäler.

Domarar[endre | endre wikiteksten]

Gerasimos Germanakos frå Hellas dømde kampen i Napoli, Victoriano Sánchez Arminio frå Spania dømde i Stuttgart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]